Gunn Waage Lien. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Gunn Waage Lien. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Å vere eit medmenneske

Kva kan vi gjere for at alle i Tysvær skal bli meir likeverdige?

Av Gunn Waage Lien, helsesykepleier Tysvær kommune

At alle kan vere seg sjølv, trygg på at ein er like mykje verdt som naboen, uavhengig av etnisitet, økonomisk status, utdanning- eller kven ein elsker? Vi veit at det å høyre til, det å kjenne seg akseptert- og respektert, har mykje å seie for helsa vår.
Eg snakka med ei mor som kom til Noreg som flyktning for ein del år tilbake, ho var veldig glad for at ho fekk komme til Noreg. Samtidig uttrykte ho det å komme hit som å bli født ein gang til. Alt skal lærast på nytt. Nokon har med seg traumer som bør bearbeidast, og vi veit at kjensler er lettast å uttrykke på eige morsmål. Då er det ikkje berre lett å få satt ord på korleis ein har det. For at vi då skal klare å inkludere i samfunnet- og lokalmiljøet, er det viktig med gjensidig nysgjerrighet. Vi som jobber her, men særleg de som bur her, må tørre å bli involvert og engasjert i meir enn det som kjennes nært og trygt.

Det er ikkje berre mennesker frå andre land som kan kjenne seg utanfor eller ikkje god nok. Eg ser det jevnlig, både på jobb og heimebane.
Eg har fleire venninner som fortel frå barndomen, dei hugsar enkelte heimar der dei ikkje kjente seg velkomne, og dei forstod kvifor. Dei forstod at det handla mest om foreldra deira og kva status foreldra hadde i lokalmiljøet. Eg synes det er vondt å høyre at dei ikkje var «god nok», men samstundes blir eg glad når eg eg tenker på korleis det var i vårt hus. Mamma og pappa synte barna respekt. Ein gang hadde eg med meg ein gut heim, eg var 14 og han var 15 år. Han hadde knallgrøn, høg hanekam, army-boots, mc-jakke og svarte klær. Om det var urolig inne i mamma, så synte ho det ikkje. Ho møtte han med varme og respekt. Ho nevnte aldri noko negativt om det seinare heller. Eg hugsar eg vart glad og stolt. All verdas utdanning kunne ikkje lært meg orda respekt- og inkludering betre enn det mamma og pappa lærte meg gjennom måten dei var på. Det å ikkje vere forutinntatt, ikkje forhåndsdømme. Det å gi andre ein sjanse, gi dei tid, gi dei kjærleik!

Er det ikkje fint om vi tek nokon ekstra under vingene våras? At vi deltek i frivilligheten for å ta vare på eigne OG andre sine ungar? Nokon ungar treng det for å utvikle seg innan den eller den aktiviteten, medan andre treng det for å få eit pusterom- samt få styrka sin sosiale kompetanse. Er det ikkje fint om vi kan vere den nabokjerringa, nabokjerringa som Gro Harlem Brundtland nevnte i nyttårstalen sin årsskifte 1995/96? Den nabokjerringa som tør å følge med på korleis andre sine ungar har det, som tek litt ekstra vare på- og som gir beskjed om ting ikkje er greit.

Vona er at alle som bur i Tysvær skal kunne kjenne at det er trygt og godt å bu her. At alle kjenner seg akseptert slik dei er, og at ein kan vere stolt av plassen og menneska som bur her.
Så vil eg oppfordre alle som kjenner nokon som ikkje er like inkludert som andre, uansett årsak, ta sats og prøv å inkludere dei. Det går an, berre du er tolmodig. Ver eit godt førebilete for eigne og andre sine ungar, så sant du kan.