Muddy Young live at Notaflot sommaren 2023. Nå kjem dei tilbake både til lunsjkonsert festivaljobb i Vikedal og til vår lunsjkonsert i Tysværtunet.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Muddy Young live at Notaflot sommaren 2023. Nå kjem dei tilbake både til lunsjkonsert festivaljobb i Vikedal og til vår lunsjkonsert i Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

LUNSJKONSERT, fredag: Husk å ta ut billettar nå, eller kom i døra: – Viktig å få spele på heimebane

Muddy Young har boka full av spelejobbar framover. Kvar einaste helg er dei på scenar og servere både eigen musikk og coverlåtar.

– Det har tatt litt av, og det er kjekt for me har verkeleg jobba for å få alle desse jobbane. Me er fleksible og kan komme på kort varsel, samstundes som me speler alle typar musikk i tillegg til dei låtane som me har gitt ut. Og det har treft godt, for boka er som sagt full med jobbar kvar helg framover, seier Joe Eriksen og Jarle Hundsnes.

Sjølv om dei aller fleste jobbane er i storbyane, har dei rydda plass til det som dei meiner er tre svært viktige spelejobbar på heimebane.

– 9. juni skal me spele lunsjkonsert i Tysværtunet der me har med oss vår faste trommis Elvar Þór Eðvaldsson. Så skal me spele under Rootsfestivalen i Vikedal 21. juli før me inviterer til vår tradisjonelle båtkonsert på kaien på Notaflot i Skjoldastraumen 5. august. For oss er dette svært viktige konsertar på heimstadane våre og for dei folka som heile tida har hatt tru på oss. Så folkens, me reknar med å treffe mange av dykk i storsalen i Tysværtunet til lunsjkonsert, smiler dei to musikarane.

Meir musikk

Innimellom slaga så tar duoen seg også tid til å lage ny musikk. Saman med sin faste produsent engelskmannen Puddy Hunt er dei akkurat nå i studio heime hos Jarle på Litlaskog.

– Me har ein del songar han skal gjere ferdig for oss slik at me kan sleppe dei på nett. Å ha ein katalog digitalt som me kan sende rundt til arrangørar er sjølvsagt svært viktig for oss. Og nå begynner det å bli ein del songar av det. Me har funne tonen saman med Hunt, og det fungerer veldig bra. Å få ein som har internasjonal erfaring med på laget trur me gjer oss godt.

– Ja, for Muddy Young blei vel skikkelege kjendisar då de var på Europaturné i bubilen?

– Hahaha… Ja, det var saker. Me har faktisk hatt ein del jobbar i utlandet, og det har vore stas. Danmark er eit land me likar oss godt i, så kanskje me må pakke bilen igjen og komme oss dit, ler dei to.

Over alt

Det er sol og herleg i veggen utanføre Tysværtunet når me treff på dei to. Det blir litt preik om hund og om fotball i 6. divisjon. Men elles er det mykje musikk for duoen som nå bur meir heime i Tysvær og har latt hovudstaden få kvile ei stund.

– Oslo var viktig då me skulle på beina igjen etter pandemien. Då var det lukka og låst, og me var eigentleg fanga i ein liten leilegheit der borte. Men nå har det som sagt opna seg mange moglegheiter for oss. Me kan spele på alt frå festivalar, via pubar til selskap. Me kan spele på både små og store scenar, og det siste er ein av grunnane til at me er så glad i lunsjkonsertane. Å få komme på ei slik scene, få så god lyd og verkeleg prøve ut eit slikt format, er utruleg viktig for oss. Difor takkar me alle som står bak dette kvar gong me treff på dei. Så er det viktig for ein del av dei som har vore med oss at me kjem her og speler. Denne gongen blir det ein miks av gamle låtar me har gitt ut, ein ny og litt cover. Det blir knallbra, seier Jarle Hundsnes.

– Det same er det med Straumen, båtliv sommar og musikk. I fjor var det mange som kom til kaien i båt. I år blir det også lagt betre til rette for at folk kan komme til flotte Notaflot å få med seg gratiskonserten der. Dette er vår takk til fine somrar langs fjorden. Då må me ha båt og sjø elles blir det heilt feil, seier Joe Eriksen som for kort tid sidan også vikarierte for sjølvaste Vestlandsfanden på Sotrafestivalen. Det gjekk også svært så bra.

Muddy Young er ein duo og ofte ein trio som har lagt stein på stein for å komme til spelejobbane som nå ventar på dei. Då me møtte dei for første gong nettopp i Hundsnes sitt studio, hadde dei ein slik draum.

– Det er oss to som er Muddy Young, men så var me så heldig å få med Elvar som er ein strålande fyr og trommeslagar. Men han har fått seg ein unge og det er skummelt, for då kan han plutseleg komme med eit nei når me skal på tur. Heldigvis har me fått ein fantastisk reserve i Ben Yngve Kvam som har spelt mykje saman med Morten Abel. Som ein liten kuriositet så spelte faren hans munnspelet på Tore Tang. Stileg, ler gutta i Muddy Young.

 

Muddy Young liva at Notaflot sommaren 2023. Nå kjem dei tilbake både til lunsjkonsert festivaljobb i Vikedal og til vår lunsjkonsert i Tysværtunet.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Framtida

Framtida er vanskeleg å spå, men det er ein offensiv duo som pratar om planar, om sommaren og ikkje minst om å lage musikk.

– Det er ein kombinasjon av svært mykje som gjer at ein kan drive med dette. Det er timing, dei rette jobbane, dei rette folka og sjølvsagt dei rette låtane. Akkurat nå er me på ei fin bølgje. At me skal spele to dagar på Roots-festivalen gjer at me også slepp til på eit litt nytt publikum her heime. Me hugsar godt den aller første spelejobben vår på Flytten i Haugesund. Det var heilt stappa full med eit svært så fargerikt publikum. Me var på scena for aller første gong som duo. Då var det vått på ryggen og mykje nervar. Det gjekk fint det også, og nå er det slik at me berre gleder oss til nye stilige festar og arrangement. Muddy Young er klare til å erobre verda vidare, bit for bit, stein for stein og låt for låt. Ikkje sant, meir konkluderer enn spør Joe Eriksen og Jarle Hundsnes.

Lunsjkonsertane er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus. Konsertane er gratis og startar 11.30. Det kan hentast ut gratisbillettar på nett og i biblioteket.

Muddy Young avsluttar vårsesongen, men til hausten er me tilbake med nye artistnamn og nye konsertar.