Frivilligprisen til Tysvær kommune og Tysvær Bygdeblad delast kvart år ut til ein person eller grupper som over tid eller på ein heilt spesiell måte har gjort ein skilnad i det frivillige arbeidet.
Frivilligprisen til Tysvær kommune og Tysvær Bygdeblad delast kvart år ut til ein person eller grupper som over tid eller på ein heilt spesiell måte har gjort ein skilnad i det frivillige arbeidet.

Viktig pris søker gode kandidatar

Frivilligprisen for 2023 skal delast ut på nyttårsmottakinga 6. januar. Nå jaktar me gode kandidatar.

Frivilligprisen til Tysvær kommune og Tysvær Bygdeblad delast kvart år ut til ein person eller grupper som over tid eller på ein heilt spesiell måte har gjort ein skilnad i det frivillige arbeidet. Til nå ha me heidra både dei som fysisk har lagt til rette for innbyggarane gjennom oppgradering av mellom anna turløyper, og dei som mellommenneskeleg har vore til stor glede for mange. I fjor blei prisen delt av Martha Fjeldheim og Dagfinn Bredal.
– Me vil gjerne få gode tips på personar eller grupper som på sin måte har jobba for at flest mogleg skal ha eit tilbod i Tysvær. Det kan vere tradisjonelle ting som idrett, kultur eller lag og foreiningsarbeid, men også som frivillig på eit område som kanskje går under radaren, seier ordførar Monika Lindanger.
Ho skal ha si aller første nyttårsmottaking på nyåret og seier at denne prisen heng høgt.

Unge vinnarar
Lang og tru teneste er ikkje fasit på det å skilje seg ut i frivillige arbeid. Det meiner Grethe Vangsnes, dagleg leiar av Tysvær Frivilligsentral. Ho håper på tips om yngre frivillige i kommunen.
– Det hadde vore kjekt på fleire måtar om me fann yngre personar som gjer eit stort frivillig arbeid. Det kunne også vore ei stor motivasjon for andre til å gjere det same, seier ho.
Tysvær har eit unikt frivillig miljø der det kvar einaste dag året rundt blir gjort eit formidabelt arbeid.
– Det er ein av fleire grunnar til denne prisen. Det å kunne trekke fram frivillige på ei slik mottaking viser at me heng denne prisen høgt i kommunen. Innan onsdag 6. desember vil me ha forslag på kandidatar, og ei annonse i dagens avis viser korleis ein gjer det. Uansett så strekk me oss langt om nokon har gode kandidatar og ikkje har tilgang til å sende inn. Eg reknar med ein lapp i døra i redaksjonen i Bygdebladet også blir notert på lista me skal handsame til slutt, seier kultursjef Anders Netland, som er sekretær i komiteen.

Viktig
For oss i Tysvær Bygdeblad heng denne prisen ekstra høgt då det også er heider til personar me ofte treff i våre reportasjar om livet i Tysvær. Me set pris på at me saman med kommunen kan gje denne prisen i saman til ein eller fleire som gjer frivillig arbeid. I 2023 er det viktigare enn nokon gong, så me oppfordrar alle som kan til å sende oss sine kandidatar. Så vil me ta eit val som blir kunngjort på ordførar Monika Lindanger si nyttårsmottaking første laurdagen i januar.
Skal me tolke signala frå tidlegare vinnarar så heng denne prisen også høgt hos dei.