Veronica Digernes.
driv campinga saman med Kenneth Jensen og lovar ein aktiv sommar ved Grindafjorden. Men først altså, skal det bli allsong og moro i sirkusteltet.
Veronica Digernes. driv campinga saman med Kenneth Jensen og lovar ein aktiv sommar ved Grindafjorden. Men først altså, skal det bli allsong og moro i sirkusteltet.

Laurdag er det konsert på campingen – festfolket bestemmer om det blir meir

I fjor var det utseld konsert med Stage Dolls og full fyr i teltet på Grindafjord Feriesenter. I år går det treigare.

– Fjoråret var heilt unikt med fullt hus, god stemning og mange nye gjester som ville ha med seg storkonserten i teltet vårt. Derfor tok me signala og inviterer til ny fest. Denne gong med Vidar Villa, Staut og Rossmann. Men denne gongen er det meir avventande, folk seier dei skal komme, men ventar med å ta ut billettar. Me driv denne sommarkonserten på sida av campingdrifta og kan tole eit underskot, men me kjem neppe til å bruke så mykje tid på dette om ikkje folk nå kastar seg rundt og blir med på konsert, seier Veronika Digernes.
Den engasjerte drivaren kan glede seg over relativt høge tal allereie, men skulle sett at ho nå slapp å bruke tid på meir marknadsføring. Å ha omlag 1000 festglade menneske på campingen krev også ein del anna arbeid.
– Dette er vaksenhelga hos oss. Då er ungane heime og me skal kose oss med god musikk, grillmat og litt drikke. Skal eg sove verkeleg godt om natta skulle talet vore rundt 1.100.
– Kva er det med folk for tida?
– Nei, sei det. Me høyrer også om andre arrangørar som slit med at konsertgjengarane venter lenge før dei bestemmer seg. Dei kjem, men det blir litt dårleg stemning på førehand. Men me «gønnar» på og skal legge til rette for at alle som kjem får ei strålande oppleving. Me har stor scene med lyd og lys i toppklassen. Ute blir det langbord og grill. Dette er festen for alle som bur i dette området og ikkje berre campingturistane og dei fastbuande på feriesenteret, seier Digernes.

Vidar Villa
Vidar Villa toppar plakaten den 1. juni. Han er omtala som ein av landets største norskspråklege artist, med snart 200 millionar streams på Spotify og utselde konsertar over heile landet dei siste åra. Gjennombrotet kom med superhiten «One Night Stand» som herja i toppen av VG-lista og Spotifylistene. Sidan den gong har han mottatt 10x platina- og 10x gulltrofé for sine låtar, som blant anna «Hitparade», «Sjalu» og «Moren Din».
– Han har også vore med på TV etter at me booka han og har eit stort publikum. Han avsluttar kvelden. Før han varmar Rossmann opp, han er ein lokal artist som har lukkast stort dei siste åra og fått eit publikum. Det same har «Staut» så kvaliteten på dei som skal spele er den beste. Me får krysse fingrane og håpe folk nå skjønar at dei må melde seg. Elles mister me eit slikt tilbod. Så brutalt er det, seier Digernes.

Vidar Villa dukkar opp på scena i Grinde til helga.


God gang
Livet på Grindafjord Feriesenter er allereie godt i gang. Fleire solfylte helger på rappen gjer at grillosen heng over fjorden for lengst.
– Me er nå 363 fastbuande og har i tillegg 90 døgnplassar og 11 hytter me leiger ut. Det er oftare og oftare heilt fullt. I tillegg tilbyr me alle som vil å komme inn og bade hos oss for ein rimeleg billett. Dette er vel den største bygda i Tysvær gjennom sommaren, ler karmøybuen Veronica Digernes.
Men 1. juni er det altså litt alvor om feriesenteret også skal kunne tilby storkonsertar om sommaren framover.
– Eg er superoptimist og trur det ordnar seg. Kanskje ein del som les dette også skjønar at ein må vere litt på og gi oss signal om at dette er noko ein vil ha. Vi vil det, ikkje sant, spør ei som vanleg smilande Veronica Digernes.
Ho driv campinga saman med Kenneth Jensen og lovar ein aktiv sommar ved Grindafjorden. Men først altså, skal det bli allsong og moro i sirkusteltet.