– Dette er opplagt ein populær gjeng som mange vil oppleve. Vi er langt forbi 200 billettar allereie, så den 14. juni må me ta i bruk heile storsalen, seier Helga Borgen Haugsnes på Tysværtunet.
– Ja, eg har registrert at det er mange som vil komme og høyre på oss, og det er kjekt. Me er ikkje så mykje ute og speler lengre, som i gode gamle dagar. Då var det dans i kvar ei bygd kvar einaste helg. Nå minkar det både på dansar og spelestadar. Så for oss er det å få tilbod om å komme i storsalen og spele lunsjkonsert eit av høgdepunkta, seier Oddvar Helgeland.
Det same er det for mange av fansen til trioen, som i tillegg til Helgeland på gitarar er vokalist og gitarist Knut Edvin Norbotten og gitarist Per Steinar Norbotten.
Helgeland kan komme med ein aldri så liten nyheit også.
BILLETTER FÅR DU HER: https://checkout.ebillett.no/122/events/231215/purchase/setup?kanal=dxf
Ny musikk
– Me har det siste året jobba meir i studio enn på lenge. Me har nå eit knippe med låtar, faktisk rundt ti, som me håper å kunne gi ut på LP neste år. Når me nå kjem til Tysværtunet tenkte me at denne gongen kunne me presentere ein av dei i tillegg til dei klassiske country-låtane me skal spele. Dei nye songane er litt meir i folk-sjangeren, – me må kanskje vurdere eit nytt namn på trioen nå, ler Helgeland.
Men det er meir som er nytt.
– Ja, me har laga norske tekstar. Det er ikkje så mange som syng country på norsk, men det har blitt betre dei siste åra. Men dei som gjer det har hatt suksess. Og me synest det funkar bra på dei låtane me har spelt inn demoar av så langt.
– Korleis er prosessen når Howdy er på dette sporet?
– Eg har vel laga dei fleste songane, og så har me jobba med tekstar og detaljar saman. Det hender eg sit heime og grublar, så kjem det eit refreng eller nokre riff. Eg har heldigvis studio i kjellaren, og då gjeld det å komme seg ned og få lagra det på ein tape. Når me er tre som tenker så pass musikalsk likt, så blir det eit samarbeid på alle plan. Det skal vere oss og ikkje meg, seier Helgeland som innrømmer at songlaginga også forstyrrar ein annan stor hobby.
– Hehe, ja, eg lagar ein del knivar, og det har skjedd at det har losna i ein songidé medan eg har vore i knivverkstaden. Men som sagt, då er det kort veg inn i naborommet til gitarane og opptaksutstyret.
Stas
Kor mykje nytt, og ikkje minst kva som blir spelt på scena under lunsjkonserten vil tida vise, men responsen sist trioen var på besøk var så overveldane at det berre var å signere ein ny avtale og avrunda våren med skikkeleg countrymusikk.
– Me har fått mykje skryt. Etter pandemien, då me var så heldige å få spele inn ein musikkvideo, så fekk me vatn på mølla. Etter konserten i Tysværtunet skal me også ha ein spelejobb i Haugesund. Det er stor stas å komme til Tysværtunet, møte proffe folk i alle ledd, få god lyd og lys og ikkje minst merke responsen frå så mange som er glad i god musikk. Me speler det ein kan kalle «Bakersfield-sound» og litt bluegras. Innimellom dette har me overraska med mellom anna Pink Floyd. Det skal vere avkopling å vere på våre konsertar, samstundes som det skal vere litt spenning om kva som er neste låt. Då det gjekk opp for oss at det var tatt ut over 200 billettar to månadar før me skulle spele, ja, då var det fullt fokus.
– Me nærmar oss lunsjkonsert nummer 70. Har desse konsertane sin misjon, trur du?
– Det er imponerande og det har utvikla seg sidan første gongen me var der som Okersol og spelte i kafeen, for fullt hus. Eg trur dette er viktig, og det er alltid spennande å sjå kven som skal komme og spele. Eg trur miksen av dei unge nye og oss gamlingane er god. Det viser kva som skjer, seier Helgeland.
Pass på
Det har den siste månaden vore eit par utselde framsyningar i Tysværtunet. Det er frykteleg tungt å måtte avvise folk i døra på noko som skal vere kjekt. Så det er berre eit råd:
– Hent ut billettar i dag. Me er klare, og det trur eg mange av dei som me treff i salen er også, avsluttar Oddvar Helgeland i Howdy.
Etter ferien startar me opp igjen med lunsjkonsertar den 30. august med ein utruleg spennande artist. Sofia Henriksdotter tok, saman med faren Henrik, Skjoldastraumen kyrkje med storm under julekonserten der i desember. Nå kjem ho som soloartist, ei karriere kor ros og skryt har hagla for den talentfulle artisten med sterke røter i Straumen. Det er eit godt tips å hente ut billettar til den konserten også med ein gong, for nå er det rift om å få vere ein del av Tysværtunet og Tysvær Bygdeblad sine lunsjkonsertar.