Kjetil Steensnæs har spelt med mange av dei store norske artistane. Snart kjem han til Tysværtunet saman med Tom Roger Aadland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kjetil Steensnæs har spelt med mange av dei store norske artistane. Snart kjem han til Tysværtunet saman med Tom Roger Aadland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Kjetil Steensnæs: Magikar med plekter og gitar

Det står ofte ein stor gitarist bak ein stor artist. Ikkje alle er like synlege, om ein då ser bort frå i lydbilete. Der er Kjetil Steensnæs kjempestor. Sjølvsagt til høgre på scena.

Gjennom mange år som kulturskribent og konsertgjengar har eg møtt og høyrt mange store gitaristar. Og då skjønar dei fleste at me ikkje snakkar om høgda, men om ferdigheiter og samspel som gjer at store artistar blir endå større. Når ein gitarsolo blir snakkis etter ein konsert, eller når riffa kjem så tett og så rett at ein blir riven med, ja då har artisten rett mann i ryggen.
I ryggen til Bjørn Eidsvåg denne sommaren har det vore nettopp den 48 år gamle haugesundaren som har flytta til Lørenskog nær hovudstaden for lengst. Gitaristen som har spelt med mange av dei store og med jamne mellomrom, også i Bygdebladet, fått sin rettmessige del av rosen. Til dømes med Maria Mena og Tom Roger Aadland. Til hausten skal han saman med sin gamle gitarlærar på Skeisvang, Aadland, ut på turné. Og dei kjem til oss i Tysvær.

Bjørn Eidsvåg imponerte under Morellfestivalen.


Livet på vegen
Me sit på terrassen på Hotel Ullensvang saman med Bjørn Eidsvåg. Han sit på bordet ved sidan av og et lunsj. Stadig er det nokon bortom og seier dei er storfan av musikken og tekstane. Han smilar og takkar.
I ein gamal Land Rover eit par mil unna i Odda kjempar bandet med å komme seg til Morellfestivalen. Dei slit med eit oljefilter.
Slik er livet på vegen. Rosendal i går, Ullensvang i dag og ein annan stad i morgon. Inn døra kjem dei på ei rekkje. Sist kjem ein stille kar frå Haugesund.
– Så kjekt å få treffe på Bygdebladet. Gleder meg til hausten og turneen med Tom Roger. Då skal me til Tysværtunet, kjem det spontant frå Steensnæs.
Det blir noko heilt anna enn å reise rundt med ein av landevegens verkeleg storkanoner.
– Kva betyr Bjørn Eidsvåg for deg?
– Han er tryggleiken i denne jobben. Han er maskinen som rullar og går, som stadig finn nye vriar og gjer musikken spennande. Når ein er i bandet til Bjørn så er det fullt fokus på musikken, ein treng ikkje bekymre seg om andre detaljar. Om ein ser bort frå eit øydelagt oljefilter då, ler Kjetil Steensnæs.
Alle dei store gitaristane i Norge har spelt med Eidsvåg, og Steensnæs er heilt ærleg på at han er heldig som er på lista. Freddy Lindquist, Frode Alnes, Eivind Aarseth, Børge Petersen-Øverleir og Steensnæs er berre nokre av dei.
– Ja, heilt einig i at det har vore mange dyktige folk, men det trur eg har med både musikken og Bjørn å gjere. Det er kjekt å vere gitarist med han, og ikkje minst få spele den type musikk.

Bjørn Eidsvåg er ein trygg arbeidsgivar for miskarane.

Tom Roger var lærar for meg i gitar på Skeisvang i 92/93 og eg lærte mykje av han

Flytta
– Du skal ut på en turné med gamlelæraren din til hausten. Korleis blir det?
– Tom Roger var lærar for meg i gitar på Skeisvang i 92/93 og eg lærte mykje av han. Det var same tida eg såg Bjørn Eidsvåg for første gong med Eivind Aarset på gitar, så det var ein tid i livet mitt der det skjedde mykje spennande musikalsk. Eg flytta til Oslo i 1995 og det var både meir praktisk med tanke på miljø, men også spelejobbar og øvingslokale. Aarset hjelpte meg faktisk med å få spelejobbar i band ei tid. Men kva er det ein seier? Eg har ikkje gløymt kor eg kjem frå. Prøver å halde meg oppdatert på musikklivet her også, seier gitaristen på flytande haugesundsk.
Saman med Aadland jobbast det med ny musikk. Musikk ein vil få høyre litt av på konserten i Tysværtunet. Men der blir det også ein slags «best of» i duoformat.
– Me to passar godt saman musikalsk og eg trur dette blir skikkeleg bra. Så får me sjå på kor me landar. Tom skal sikkert ha sitt og seie om det, ler Steensnæs og viser at han gjer det han får beskjed om.
– Kva med den nye songen din?
– Det er den første eg har laga nokon gong. Eg laga ein versjon av Bob Dylans «If Not For You». Den er til Margit som eg har vore gift med i 25 år.
– Dylan og Aadland…
– Ja, det er som du skjøner god match dette her. Kjekt at folk har kommentert at dei likte innspelinga.

Gitaristen
Kjetil Steensnæs kikkar rundt seg i foajeen på det store hotellet. Dei andre i bandet trippar og vil ha lydprøve.
– Det er mange som stiller seg på venstresida på konsertar og vil ha med seg gitaristen. Kva tenkjer du om det?
– Det er sant det. Nei, eg synast det er skikkeleg kjekt, har vore slik sjølv eg også. Eg har tru på ekte livemusikk og då speler ofte gitaristen ei viktig rolle. Så at det er dei som er like interessert i gitarar og gitarspel som hovudartisten, det trur eg er heilt normalt.
Akkurat det fekk me sjå også seinare på kvelden då bandet, og Bjørn Eidsvåg, imponerte stort tidleg på kvelden allereie første dag av Morellfestivalen. Glitrande gitarspel, solid Eidsvåg og allsong, med svært mange tysværbuar i spissen, til terningkast seks.
Fire timar tidlegare sit Bjørn Eidsvåg og kikar mot Folgefonna. Han snur seg mot oss og spør om det er eit portrett me skal lage på Steensnæs.
– Det fortener han. Han er ein fantastisk musikar, men også eit strålande menneske å ha med seg på tur. Lykke til…
Gitaristen likar seg på tur med Eidsvåg, men det trur me sanneleg at hovudpersonen også gjer med sin dyktige gitarist.

– Takk for meg Lofhus…. Kjetil Steensnæs pakker sammen for kvelden.

Bandet er: Kjetil Steensnæs, Bjørn Holm, Anders Engen, Thomas Antonio Debelian og Frode Østang Mangen.