Revehiet er ute med sin første CD etter mengder av smaksprøvar og eit par spennande konsertar. Ei plate med litt for ein kvar smak og som kan fungere like bra på ein CD som live.
Foto:  Revehiet
Revehiet er ute med sin første CD etter mengder av smaksprøvar og eit par spennande konsertar. Ei plate med litt for ein kvar smak og som kan fungere like bra på ein CD som live. Foto: Revehiet

Revehiet har gjort ein fin ryddejobb

Revehiet er ute med sin første CD etter mengder av smaksprøvar og eit par spennande konsertar. Slett ikkje dum denne her.

Revehiet har hatt ein lang veg til at 12 songar nå er samla på plata «Bærbart habitat». Og la det vere sagt med ein gong, mange av songane er betre i studio enn live. Her er det berre å skru opp lyden og la seg forføre. Bandet har tatt seg tid til ein musikalsk ryddejobb i det som verka å vere ein utømmeleg kasse med låtidear og gitarriff.
Lydbiletet er tidvis prega av stor speleglede. Vokalistane og gitaristane Andreas Petersson og Oddbjørn Austevik klarer å sette både sitt preg på låtane, samstundes som dei får prosjektet til å henge saman.
Tidlegare gjorde bandet eit nummer av sin inspirasjon. Etter å ha latt plata få køyre seg, så kan me vel slå fast at det spriker i mange retningar. Tidvis er det røft og metallisk før det glir over i lett Rogalands-pop. Begge deler fungerer, og det er inga tvil om at me snakkar om dyktige folk på fleire instrument her.
Live blir det av og til litt mykje vilje og iver av det, sjølv om det kan vere tøft nok å lytte til. Nå er det meir ro over det heile. Det tener spesielt vokalen på. Tekstane kjem betre fram og dei er vel verd å lytte til.

Hits?
Når ein vel å sleppe ein del singlar og ha konsertar før albumet er klart, så har kanskje dei ivrigaste fått seg ein favoritt allereie. Og ja, det er «Signe dagen» som skil seg ut. Den viser nettopp det som er nemnt at bandet både kan vere snilt og tøft i same song. Andreas Petersson har også aleine levert med sine «Lausungar», – han har ein spennande stemme.
På plata slepp han til også med meir uvante songval som han taklar godt.
Gitarspelet, og det er mange instrument med strenger i denne produksjonen, også inkludert Kjersti Tingelstad på fiolin, har fått mykje plass. Det gir ein fylde i lydbiletet som eg er spent på korleis vil fungere live når bandet skal presentere det nye albumet seinare i månaden. Det kan bli heftig på fleire måtar.

Kjekt
Det er alltid kjekt når lokale band kjem med heile album, og Revehiet står ikkje tilbake for det som tidlegare har komme i denne breie sjangeren. Dei er dyktige på komponistsida, dei speler bra og dei har fleire gode solistar, både på vokal og på instrumenta sine.
Men dei er i ein tøff bransje der ein hit ofte er nøkkelen til suksess. Kanskje er «Signe dagen» i nærleiken, om ikkje, så held i alle fall CD’en eit godt og høgt nivå.
«Derfor (savne eg deg)» og «Hold deg i båten» er også vel verdt å lytte til. Plata avsluttast med stilige «Samme sang og samme refreng», litt i Paul Hansen og Cortina-gata kanskje. Ikkje dumt det.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny plate

Terningkast 5

Revehiet
«Bærbart habitat»
CD 12 songar
Revehiet: Sindre Petersson Løvold: bass, elgitar, Rune Andreassen: trommer og perkusjon Kjersti Tingelstad: fiolin, synth og vokal, Oddbjørn Austevik: gitarar og vokal Andreas Petersson: gitarar, tangentar og vokal
Produsent: Revehiet
Teknikar og miksar: Nikolai Gabriel Vikene
Distributør: indigoboom
Utgitt: sept. -24