Telenor hadde store problemer i kveld.
Telenor hadde store problemer i kveld.

Telenor har tekniske problem, og det er problem med å ringe alle nødnummera

Telenor har tekniske problem, og det er problem med å ringe alle nødnummera 110, 112 og 113. Det er også trøbbel med telefonnummeret 02800.

NPK-NTB
Telenor har tekniske problem, og det er problem med å ringe alle nødnummera 110, 112 og 113. Det er også trøbbel med telefonnummeret 02800.
Politiet er i dialog med Telenor som jobbar med å løyse feilen

– IT-eininga til politiet er på saka og har dialog med Telenor. Det er enno ikkje mogleg å seie noko om kor lang tid før feilen blir retta, seier seksjonssjef Jørn Schjelderup i Politidirektoratet.
Oslo, Søraust, Innlandet, Aust, Møre og Romsdal og Finnmark politidistrikt er blant politidistrikta som melder at det er problem med telefonnettet, og dei ber publikum ta kontakt med dei på andre nummer enn 112.
– Det er problem med nødlinjene inn til Oslo PD. Viss ein er i nød så ring 22669050, melder Oslo politidistrikt.
– Politiet i Finnmark opplever problem med telefonlinjene. Det er problem med både 112 og 02800 linjene. Politiet i Finnmark kan nåast ved å ringe 78972000, og velje tasteval 0 for å bli sett over til operasjonssentralen dersom ein treng akutthjelp, melder Finnmark politidistrikt på politiloggen.
– Det er problem med telefonnettet. Politiet kan prøvast blir nådd på telefonnummer 33344400 inntil vidare. Viss ikkje dette fungerer, kan ein oppsøkje næraste politistasjon fysisk, melder Søraust politidistrikt.

Nødnummeret 110 er nede, melder 110 Vest. Medan kommunikasjonsrådgivar Anders Bayer ved Oslo universitetssjukehus seier til VG at det også er problem med å nå gjennom på 113.
Telenor melde i 10-tida om trøbbel. Det er uklart kor mange som er ramma.
– Vi kan stadfeste at kundar ikkje får ringt frå mobiltelefon. Vi jobbar med feilsøking og for å løyse dette. Kjem snarleg tilbake med ny status, seier Anders Krokan, pressesjef i Telenor, til VG.
Nødetatane i Noreg (brann, politi, og helse) bruker Telenor sitt mobilnettverk for kommunikasjon.