Me er komme fram til årets nest siste lunsjkonsert og mange har allereie vore lure og sikra seg gode billettar. Og det kan fort vise seg å vere skikkeleg lurt for komponist Ian Anderson.
Billettar får du her: https://www.tysvertunet.kulturhus.no/lunsjkonsert-tba-j1xqn9/
– Dette blir årets høgdepunkt for oss i Munor og me gleder oss som vanleg stort til å komme til flotte Tysværtunet. Spesielt etter at me kom inn i storsalen har me ønska å vise oss frå ulike sider, og denne gongen er det utruleg spennande også for oss. Me stiller med Almuth Chylek – fiolin, Tobias Tellmann – cello og Marina Johansson – flygel, seier dagleg leiar i Munor Bernhard Gismervik.
– Kva er historia bak denne konserten?
– Vår bestilling til Ian var et spørsmål om å skrive eit verk for pianotrio med mange variasjonar som kan brukas i mange samanhengar på cirka eit kvarter. Nå er resultatet her og musikarane er i full gang med øvingar. Ian sjølv kom på sundag dei starta øvingar same kveld.
Ian Anderson har latt seg inspirere av performanse kunstnaren Marina Abramovic og hennar verk «Instruction Cards to Reboot your Life».
– Dette er blitt musikk som er innom leire sjangrar og absolutt noko for ein kvar smak. Eg trur folk som kjem vil finne parti i denne konserten som dei allereie likar, men også innslag som dei ikkje dei visste dei likar. Eg har jobba med fleire sjangrar som rock, pop, ja eigentleg det meste og likar at ein finn spor av alle typar musikk i det eg lager, seier Ian Anderson.
– Er dette ein type musikk som kan gi nye lyttarar til klassisk musikk ei aha-oppleving?
– Nye lyttarar er alltid spennande uansett musikk. Det eg kan love er at dei skal få oppleve noko litt annleis, musikk skrive for denne trioen, men som er musikk som også kunne vore spelt på andre instrument, seier Anderson.
– Korleis vil du summere dette Gismervik?
– Dette er veldig spesielt også når det gjeld musikkspråket. Dei uvanlege titlane han har satt på dei forskjellige delane passer godt til musikken. Det er også mykje prepareringar av instrumentane. Musikken kan sikkert kategorisere med mange etiketter, både smalt, spennande, swingande, utfordrande og mykje annet. Me gleder oss.
Viktig
«Marina’s Book of Munor» handlar då som ein skjønar ikkje om Marina i Munor.
– Det gjer det ikkje men det er jo ein stileg tilfeldigheit. For oss i Munor er dette eit høgdepunkt i ein travel haust der me skal spele fleire konsertar, mellom anna ein julekonsert med Hanne Krogh. Me skal også presentere noko me har kalla Juleforventningar om vennane til Brams. Med andre ord blir det litt av kvart, og tar me med den nylege konserten me hadde om Kolbein Falkeid, så ser ein at me spenner bredt. Og det er viktig for oss i Munor å ha fleire strenger å spele på, seier Gismervik.
Snart jul
Konserten den 15. november har som sagt blitt godt tatt imot lenge før me har starta marknadsføringa. Billettar finn du som vanleg på kulturhuset.
Som kjent rundar me av vårt niande år med lunsjkonsertar med Serenity i desember, men der er det både fullt og ventelister. Så konserten med Munor er siste sjansen i 2024 til å oppleve den unike stemninga det har blitt på lunsjkonsertane. Dette er et arrangement som er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet.
Munor sin konsert er nummer 68 i rekkja.