Det er dei tre einaste konsern-uavhengige avisene på Haugalandet som no innleiar et tett redaksjonelt samarbeid. Observante lesarar har allereie merka at det har dukka opp artiklar produsert av journalistar i Grannar i spaltene til Tysvær Bygdeblad, og omvendt. No blir også avisa Vestavind i Sveio ein del av eit nytt redaksjonelt samarbeid mellom dei tre avisene.
Det fortel dei ansvarlege redaktørane Torstein Tysvær Nymoen i Grannar, Alf-Einar Kvalavåg i Tysvær Bygdeblad og Ellen Marie Hagevik i Vestavind.
— Våre tre aviser dekkjer til saman Sveio, Tysvær, Vindafjord og Etne. Desse fire kommunane er, med sine til saman meir enn 30.000 innbyggjarar, ein del av ein stadig meir samanvevd og felles bu- og arbeidsmarknad på Haugalandet. Og vi redaktørane ser stadig døme på at ei sak som til dømes Tysvær Bygdeblad har laga, er relevant for lesarar i dekningsområda til Grannar og Vestavind. Spesielt innan næringsliv, samferdsle og viktige regionale politiske saker, fortel dei.
Samarbeidsavtalene mellom dei tre avisene går ganske enkelt ut på at saker som blir vurderte å ha felles interesse, kan bli publiserte i ei av eller i begge dei andre samarbeidsavisene.
— Konsernavisene har ofte tette redaksjonelle samarbeid på regionalt eller nasjonalt nivå. Vi er trygge på at det blir ein vel så stor gevinst for lesarane i Tysvær Bygdeblad, Vestavind og Grannar at vi no får på plass eit tilsvarande samarbeid her lokalt på Haugalandet, seier redaktørane.
Samarbeid om journalistiske prosjekt vil truleg vere ei naturleg vidareføring av samarbeidet.
— Vi representerer alle tre små redaksjonar, med få journalistar. Men saman kan me skape god slagkraft, til dømes i journalistiske graveprosjekt, slår dei tre redaktørane fast.
Samarbeidet betyr ingenting for prisen abonnenten betaler for si lokalavis.
— Den einaste økonomiske konsekvensen er at lesarane får enno meir journalistikk for pengane, seier redaktørane.