Vindafjord kommune og Westcon Yards er likestilte eigarar av Dommersnes AS, marknadsført som Windafjord Port. Styret i selskapet vedtok nyleg å utsetja oppstarten av fase 1. Dette er første steg i planane om utvikling av industriområdet på Dommersnes, som omfattar tidlegare nytta område. Fase 2 vil ta meir areal i bruk, medan fase 3 kan omfatta alle dei over 500 måla som er regulerte til industri.
Dyrt arbeid
Saka kom opp i formannskapet etter eit brev der Øyvind Valen (Ap) bad ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) og kommunedirektør Yngve Folven Bergesen. om ei orientering. Han viste til omtalen av fase 1 i selskapsavtalen mellom kommunen og Westcon, der det mellom anna står:
«Ved oppstart av fase 1 kjøper selskapet etter planen den kommunale eigedommen på Dommersnes til ein verdi lik takst, 60 millionar kroner, og det blir oppretta ein seljarkreditt for kommunen. I fase 1 forpliktar Westcon seg til å forestå planering av 40–50 mål av eigedommen til same nivå som dagens kaiområde for eiga rekning. Verdiauken eigedommen får som følgje av dette arbeidet, tilhøyrer Westcon og skal kunne konverterast som eit kapitalinnskot inn i selskapet.»
Kommunedirektøren greidde ut om eit eigarmøte 11. november. Der orienterte Westcon om at for at dei skal gå i null, er dei avhengige av ein høgare pris på steinen frå anleggsfasen enn dagens marknad tilseier.
— Dagens pris på steinen er eit godt stykke lågare enn det dei har sett som grense for å gå i gang, sa Folven Bergesen.
Samla sett meiner Westcon, ifølgje kommunedirektøren, at det ikkje er rekneskapsmessig forsvarleg å starte fase 1 no så lenge det ikkje føreligg avtalar om utleige av arealet, og det framleis er så mange uklare signal om havvind, også frå regjeringa si side. Han understreka at Westcon er villige til å ta eit tap, men ikkje eit så stort tap som situasjonen no krev.
Framleis kommunal eigedom
For Folven Bergesen er det viktig å avdramatisere vedtaket til styret. Han poengterte at arbeidet med ny reguleringsplan går føre seg som planlagt. Planforslaget skal leverast fredag og førstegangsbehandlast politisk 4. februar. Kommunen og Westcon har vedteke å skyta inn inntil fem millionar kvar. Kommunedirektøren fortalde at det er blitt gjort ein kapitalauke på 1,2 millionar frå kvar part for å fullføra arbeidet med reguleringsplan.
— Selskapsavtalen seier ikkje noko direkte om tidspunktet for når Westcon skal gjennomføra fase 1. Westcon har heller ikkje sagt at dei ikkje står ved avtalen, det handlar berre om tid og risiko, sa kommunedirektøren.
Sidan fase 1 ikkje er starta opp, er eigedommen framleis i kommunal eige. Folven Bergesen fortalde at kommunen både i møte og seinare har vore tydeleg på at dei synest det er synd at fase 1 ikkje blir starta no.
Likar ikkje situasjonen
Politikarane kom med fleire innspel etter orienteringa. Valen peika på at fase 1 vil forbetre industriområdet til eit fiks ferdig areal som kan leigast ut.
— Det som skjer no, er at me har eit område som kanskje snart skal sprengast ut. Det gjer at me berre kan inngå kortsiktige avtalar, sa Valen.
Han viste til at kommunen har stått på for å få byggjeløyvet godkjent hos Statsforvaltaren i Rogaland. Modolf Haraldseid (H) har ikkje sett fase 1 som direkte knytt til havvind, men ein avtale kommunen har gått inn i for å bli 50/50-eigarar med Westcon.
— Kommunen bør ikkje vere for tolmodige. Den situasjonen me står i no, må ikkje vare for lenge, sa Haraldseid.
Mats Årvik (Frp) støtta at fase 1 er viktig uavhengig av havvind, og vil at kommunen skal vere tydeleg på at det for dei som eigarar er viktig å få fortgang. Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) likar ikkje situasjonen. Han skjønar tankane om fase 1 som isolert frå havvind, men ser det som eit fortrinn å vere klare når det kjem utlysingar.
Ordføraren fortalde at han har snakka med olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) og uttrykt at regjeringa må få fortgang på konsesjonsutlysingane til Utsira Nord. Aasland lova, ifølgje Vierdal, at når våren kjem, blir det meir fart i prosessen. Sett i lys av det, synest han det er uheldig at fase 1 har stoppa opp.
Samarbeid
Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis, Grannar
grannar.no