Knut Gundersen er ein etter kvart profilert visesongar på Haugalandet. Neste fredag kjem han til lunsjkonsert i Tysværtunet.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Knut Gundersen er ein etter kvart profilert visesongar på Haugalandet. Neste fredag kjem han til lunsjkonsert i Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

10 år med lunsjkonsertar: For eit jubileumsår det blir for lunsjkonsertane

Neste veke er det ti år sidan Tom Roger Aadland talte til fire og drog i gang det som skulle bli starten på ti år med lunsjkonsertar. Knut Gundersen drar i gang jubileumsåret.

Me har hatt 67 reine musikklunsjkonsertar og eit lite knippe med anna moro under vignetten Lunsjkonsert, eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus. Konsert nummer 68 er neste fredag og gjett kva? Det minkar alvorleg på billettane. Langt over 200 har vore innom på biblioteket, eller på nett og tatt ut gode seter og dei beste plassane.
– Det er utruleg motiverande for oss som driv med musikk å høyre det. Å få sleppe til i ein storsal med proft lys- og lydbilete er inga sjølvfølge. I tillegg får mange av oss omtale, noko som gir oss gode moglegheiter til å få fleire oppdrag, seier Knut Gundersen.
Gundersen var gjest også i fjor, men då saman med tre andre frå Haugesund Viseklubb. Då blei han avspist med berre ti minuttar. Denne gongen får han heile halvtimen for seg sjølv, saman med sin bassist Geir Jørgensen.

Her finn du billettar til alle lunsjkonsertane: https://www.tysvertunet.kulturhus.no/kulturprogram/

Lunt
– Eg har mange samarbeidsprosjekt som eg jobbar med, mellom anna med Gunnar Roalkvam og Ingvar Hovland. To fantastiske tekstforfattarar som både inspirerer og motiverer ein pensjonist som meg. Kanskje eg kan komme tilbake ein gong saman med ein av dei, det hadde vore fantastisk.
– Kva musikk har du funne fram denne gongen?
– Visesjangeren har hatt ein solid vekst dei siste åra og med fokus på gode tekstar har den fått eit fortent stort publikum. Eg har denne gongen valt muntrare songar, men også med alvorlege poeng, enn dei eg song sist. Eg håper det er tekstar folk vil lytte til. Sist me var i Tysværtunet kom det faktisk folk bort til meg og lurte på om dei kunne få ein kopi av tekstane. Slikt gjer inntrykk på meg og gjer meg glad. Det at folk vil komme på slike konsertar som dette og sitte stille og lytte, er ein verdi me bør famne rundt. Så får det vere litt press på oss som skal formidle tankar gjennom tekst, seier Gundersen som nå bur på Nærbø.

Nivået
Gjennom Haugesund Viseklubb har Gundersen stadig oftare stått på plakaten.
– Eg var vel med i den aller første visegruppa i Haugesund for mange år sidan. Då var det protestsongar og tre grep på gitaren som var standarden. I dag er me på eit heilt anna nivå både musikalsk og når det gjeld tekst, sjølv om dei gode protestsongane gjerne kunne tatt meir plass.
– Kor viktig er viseklubben for å halde dette i gang?
– Den jobben Eivind Jul og ein del andre gjer der er heilt fantastisk. Det å ha nokon i spissen som brenn for dette, som inviterer med nye artistar og gir plass til oss «gamlingane», er utruleg viktig. Og det er sjølvsagt kjekt at det kjem mykje folk på konsertane. Trur det er stadar der dei er misunneleg på oss, seier Knut Gundersen.
Til lunsjkonserten har Gundersen med seg godt kjente Geir Jørgensen på bass.

For eit år
I år er Bygdebladet 50 år og lunsjkonsertane blir del av feiringa vår. Og for ein gjeng som har takka ja til å komme. Knut Gundersen kjem altså allereie neste fredag. I februar kjem ein svært spennande duo på besøk. «Mainstreet» består av Glenn Kringlebotten og Magne Skålnes, ein duo som i desse dagar re-utgjer nokre av sine gamle låtar digitalt. I mars er det markeringa av ti år med lunsjkonsertar, 50 år med Tysvær Bygdeblad, og ikkje minst at sirkelen er komplett når Tom Roger Aadland kjem tilbake og speler den 70. lunsjkonserten. Han har denne gongen med seg Munor, og for publikum er det berre å spurte til billettluka, for her blir det fullt hus. I april blir det ønskereprise når Olav og Berge Ohm er tilbake. Dei serverer både ny og gamal musikk.
Me rundar av vårsesongen med ein av dei store favorittane, nemleg Howdy. Dei skal ha plateslepp og me skal vere med å gjere stas på trioen som har eit stor publikum og svært gode låtar på menyen. Då er me komne til juni.
Det er berre å glede seg til ein fantastisk vår med lunsjkonsertar.
– Eg og Geir gleder oss i alle fall til å komme på besøk, og det er ekstra stas å få vere med i jubileumssesongen saman med så mange kjente og kjære artistar. Dette er eit formidabelt konsept og me vil gratulerer dei som står bak. Me snakkast neste fredag, folkens. Det gledes stort, avsluttar Knut Gundersen.