I ei tid der mange småbutikkar slit, har Joker Vats klart å gå mot straumen. Nyleg blei dei kåra til årets butikk i region vest – eit bevis på at innsatsen blir sett og verdsett. Prisen er ein del av det nasjonale programmet, som støttar og lyfter fram lokaleigde daglegvarebutikkar i distrikta.
— Det er veldig kjekt å bli lagt merke til, spesielt her i vesle Vats. Det betyr mykje at dei ser kva me held på med, seier butikksjef og tysværbu Audhild Sørhus Lindanger.
Det ekstra som gjer forskjellen
Heinz Bieri, driftsleiar i Joker-kjeda, peikar på fleire grunnar til at Joker Vats stakk av med prisen.
— Butikken er kjend for ei flott avdeling langt utanfor kommunegrensa, seier han i si grunngjeving.
Han legg til at butikken har eit sterkt fokus på kvalitet gjennom heile dagen, i tillegg til eigne plakatar, tips og oppskrifter, og høg fagleg kompetanse. Butikken har fleire gonger blitt nominert til NM i frukt og grønt, med pallplasseringar – og sigeren både i 2016 og 2024, noko Bieri omtalar som ein sjeldan prestasjon
— Me følgjer linjene, men me gjer alltid litt ekstra. Me bryr oss om butikken, om kundane, og folk merkar det. Det viktigaste for oss er dei som kjem inn døra – kundane våre. Dei gir oss dagleg skryt, og det gir pågangsmot, seier Lindanger.
Fruktdisken som trekkplaster
Når ein spør kva Joker Vats gjer rett, er det frukt- og grøntavdelinga som Lindanger vil dra fram først.
— Fruktdisken er kjend for å vera fin og innbydande, og me jobbar heile dagen for å halde den slik. Me er ikkje ferdige klokka ti, me held på heile dagen, forklarar Lindanger.
Men det stoppar ikkje der. Også blomster har ein viktig plass i butikken. Ifølgje Bieri er dette eit av Lindanger sine hjartebarn. Kompetansen er høg også her, og blomane set sitt preg både inne og utanfor butikken.
— Audhild og dei tilsette bryr seg om kundane og folket rundt seg og dette legg ein merke til i det ein kjem inn i butikken, seier Bieri. Han legg til at Lindanger blir omtala av både kundar og tilsette som ein blid, engasjert og omsorgsfull person, som er opptatt av at alle føler seg sett og høyrd.
— Me trivst med folk, og me likar jobben vår, seier ho.
Prisen gir meir energi
Å bli kåra til årets butikk gir motivasjon.
— Det gir oss ekstra pågangsmot til å halde fram og bli endå betre. Me får stadig gode tilbakemeldingar, både frå kundar og gjennom Joker sine undersøkingar. Då veit me at me gjer noko rett, avsluttar butikksjefen.
Samarbeid
Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis, Grannar.