– Det er på mange måtar godt å komme seg ut og gjere slike besøk som her på garden til Ivar og Emilie. Det å få høyre kva støtte og forslag til løysingar som faktisk betyr noko for landbruket i kvardagen. Å få sjå kva dei har fått til her på Austre Bokn er heilt fantastisk og heilt etter min smak, sa ein smilande Geir Pollestad.
Det var ein av dei finaste vårdagane på Bokn då Senterpartipolitikaren var på ein kjapp tur innom partikollega og Bokn-ordførar Egil Våge. Våge nytta sjansen til å fortelje om eit levande miljø og masse unge bønder i kommunen. Det var god stemning og stor tru.
– Kor mange bønder er det her i kommunen, spør Pollestad.
– Ein, to tre…. Eg trur faktisk me kan rekne med 15 totalt på Bokn, ein på Ognøy og åtte berre her på Auster Bokn. Alderssamansetninga er faktisk det me kan kalle svært ung. Noko av det mest positive er at me har eit godt samhald, stiller opp for kvarandre og lærer av kva andre driv med. Det har gitt oss ein tryggleik for å satse. Me har utvikla oss bit for bit, både når det gjeld areal og i talet på dyr. Den støtta me har fått økonomisk har me forvalta godt og me ser svært positivt på å drive familiegarden vidare, seier Ivar Ognøy og Emilie Ask.

God stemning i kalvegarasjen.
Men
Men det er eit stor men i lufta også på Austre Bokn. For medan Pollestad, Våge og gardseigarane går rundt så blir me jamleg minna om «naboen» E 39.
– Det er trist at ein ikkje kan avklare korleis ein vil løyse traseen nye E39. Det er ikkje mykje motiverande å investere i bygg, mark og dyr når det heile kan rasa saman den dagen ein vel trasé. Me kan risikere å få vegen heilt inn i tunet, og då er det kroken på døra. Så me håper på alle som kan legg press på vegvesenet slik at dette kan bli avklart så raskt som mogleg, seier Ivar Ognøy.
– Det skjer kanskje noko til neste vår, men det er heilt klart at den nye vegen pregar samfunnet vårt, seier ordførar Våge.
Sjølv om Pollestad merkar at det blir betydeleg dårlegare stemning når ein nemner vegen, så er smila raskt tilbake når Ognøy tar dei med opp i kalvegarasjen og i sauefjøset. I hovudbygget er det mjølkerobotar, og Ognøy fortel både om nytenking, men også ein lettare kvardag.
– Det å få på plass robotar var eit løft for oss. Det gir oss ein betre arbeidsdag, men gjer det også betre for dyrevelferden. Nå kan dei tusle inn, la seg mjølke og tusle ut i sola igjen, smiler han og peikar mot dyra som går på beite på andre sida av gjerde.
– Det ser ut til at støtteordningar er med på å gi eit løft, Pollestad?
– Gode og føreseielege støtteordningar er viktige, og det er ei sak som SP jobbar for. Så er det godt å sjå kva ordningane kan gi av moglegheiter på gardane. Å drive gard på eit litt isolert område som ei øy i Rogaland er, har ein del andre utfordringar enn på store og flate areal på Austlandet eller på Jæren. Det er viktig for meg å få slike innblikk i kvardagen og eg må få lov å skryte av dei. Mellom anna fekk eg høyre om det sosiale arrangementet «after lamming», kor alle sauebøndene møtest etter at lamminga er over. Kreativt, sosialt og svært viktig i ein krevjande arbeidskvardag. Det handlar om mat og dyrevelferd, men også om dei som har dette som jobb. Det er ein formidabel og variert jobb, så applaus for det dei driv med her på garden og i Bokn kommune, seier Geir Pollestad.
– Det er eg heilt einig i. Me er skikkeleg stolt over bøndene våre i Bokn kommune og me gjer det me kan for å støtte dei. Men det er sjølvsagt svært viktig og heilt avgjerande på mange områder at Norge gjennom regjering og Storting har ein landbrukspolitikk som er føreseieleg og som dei unge som vil satse trur på. Så eg både håper og trur at Geir tar med seg dei innspela han fekk av Ivar og Emilie tilbake til Oslo.
– Det lovar eg, seier Pollestad.

Ordførar Egil Våge var strålande nøgd med det han såg på gardsbesøket på Auste Bokn.
Senterparti-gjengen fekk også med seg Anders Eje som er lokallagsleiar i Haugesund vidare på turen, som også inkluderte eit kjekt besøk på Emilie Moi Eikje på Ognøy, der dei fekk sjå kor omsynsonene til nye E39 ligg og kva utfordringar det inneberer.