Det største plusse med Staurland sin musikk er at det går rett i høyra og lalala refrenget sitter allereie første gongen me køyrer låta på anlegget.
Duoen Staurland/Ben Pedersen har også skapt ein song som bandet heilt opplagt har hatt klede av å krydre. Økland er nemnt, men her må ein også trekke fram herleg kor på slutten av låta.
Det er uvisst kor mykje Staurland legg i artist karriera si, men han dukkar jamleg opp på scenar både her og der. Med band og med pianist. Dukkar han opp i nærleiken av deg bør du abslutt ta deg ein tur. Han har klart å skape sin eigen stil, den er lett, lyttbart og vel verd å hamne på spelelista du tar med deg på sommarferien.
Og med dette bandet i ryggen skjønar han nok også kor griseheldig han er. Det låtar 100 prosent proft og det er ikkje verst for ein tysværbu som eigentleg har detta som ein hobby.
«Ka vett vel eg»
Singel
Lasse Staurland
Musikk: Lasse Staurland
Tekst: Ole Ben Pedersen.
Musikarar: Torbjørn Økland, strengeinstrument, Lars Erik Støle tangentar, Rudolf Fredly, bass og Vegard Fossum, trommer
Produsent. Kjetil Ulland
Innspelt i ABC studio, Etne
Kjem digitalt 13. juni