Tom Roger Aadland har samla mange av sine tekstar i boka «Alle dei i ei». Det var lurt, for det gir eit anna bilete av kva dei betyr når ein kan lese dei i ro og mak.
Foto: Alf-Einar Kvalvåg
Tom Roger Aadland har samla mange av sine tekstar i boka «Alle dei i ei». Det var lurt, for det gir eit anna bilete av kva dei betyr når ein kan lese dei i ro og mak. Foto: Alf-Einar Kvalvåg

Når songtekstar blir til ei bok verd å lese

Du veit kor vanskeleg det kan vere å skjøne kva artistane syng om, spesielt på scena med fullt band. Når ein får tekstane servert mellom to permar, opnar det seg ei ny verd.

Tom Roger Aadland har heilt fortent blitt løfta opp som ein av våre aller beste tekstforfattarar. Både når det gjeld eigen dikting, men også når han skriv norske tekstar på andre sine låtar, då først og fremst Bob Dylan.
Det er ikkje lett å vinne fram i ei verd der tekstar ofte forsvinn i halsbrekkande og pompøse musikalske miksar. Men i denne jungelen har Aadland fått sitt publikum, gitt ut plater med tekstane sine.
Eg har lese ein del meldingar av Aadland sine plater. Svært ofte blir det brukt mest spalteplass på tekstane, om språket, og ikkje minst om det å treffe i hjarte gjennom det han skriv. Det er lett å bli sittande å lytte til tekstane. Av og til treff dei blink på stadar du trudde det ikkje var mogleg.
Nå han nå vel å samle 101 av dei i ei bok under tittelen «Alle dei i ei» så blir ein faktisk tatt litt på senga over opplevinga det er å lese boka. For på kvitt papir vekkest dei til liv på nytt, kjente strofer får plutseleg ei heilt anna betydning når ein ikkje høyrer musikken. Når ein les så bestemmer ein tempoet i songane sjølv. Det er ingen trommer eller bassar som pressar på, det er fred og ro og god anledning til å lese linjer om att både to og tre gonger.
Kanskje vil det slå deg at det heile blir ei ny oppleving. I hovudet blir det skapt nye bilete, ei tekstlinje betyr plutseleg noko heilt anna.
Opplagt har Aadland tenkt på dette. Å gi ut så mange tekstar utan å ha ei forventning til at lesarane skal få oppleve noko nytt hadde vore for naivt å tru. Han veit at me som konsumentar tar til oss kvar ein bokstav når me kan sitte i fred og ro, bla lett mellom songar, velje akkurat det diktet, som dette på mange måtar er, og tolke det fritt.

Boka
Og i slike rolege stunder så kan til dømes dei to første linjene i vers fire av teksten «Boka om oss» tolkast akkurat slik eg vil.
«Nokon kjem til å skrive ei bok
Og kvar som les ho, er like klok»
For det er det me blir av å få gjere djupdykk i slik poesi og tekstkunst. Me blir klokare på ein måte, fordi Aadland har mykje å fortelje, men me blir også litt klokare i å lytte til tekstar generelt. Aadland har skrive songar for mange kjende norske artistar. Vamp og Hellbillies kanskje dei mest kjende. Nå ein les tekstane i boka blir songane heilt annleis. Mellom anna Hellbillies jubileumslåt «20 år på vegen». Som lyrikk blir det ein hyllest til alle som fartar rundt i vårt lange land og spreier glede gjennom musikken.
Tom Roger Aadland har samla 101 av sine tekstar og kalla det songlyrikk gjennom 25 år. Det er sjølvsagt ikkje noko krav at ein må lese den, men at ein blir klokare og inspirert til å lytte til musikk og tekstar på ein ny måte, er openbart.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny bok

Terningkast 6

«Alle dei i ei»
Songlyrikk 1999-2024
Tom Roger Aadland
Bok 208 sider
Fonna Forlag