Andreas Petersson sist han var på besøk i Tysværtunet. Han og Revehiet opnar lunsjkonsertane denne hausten.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Andreas Petersson sist han var på besøk i Tysværtunet. Han og Revehiet opnar lunsjkonsertane denne hausten. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Fredag er det lunsjkonsert: Revehiet tar haustens første lunsj og det er få billetter igjen

I sommar var det ein del som gjekk og nynna på «Aldri tilbake». Vel, nå er Revehiet tilbake på scenen i storsalen.

Fire spennande namn er på plakaten denne hausten. I tillegg til Revehiet som speler fredag denne veka, kjem Østebøvikane i november, Eivind Jul i november og Lars Johannes Liknes i desember. Og berre så det er sagt med ein gong, Østebøvikane har null billettar att, medan det er nokre ledige billettar til dei tre andre konsertane.
– Kjekt at me kan komme tilbake til lunsjkonsertane akkurat nå. Me gav ut ein singel i sommar, har hatt eit par spelejobbar, og ikkje minst, spelt inn omlag halvparten av songane til den nye plata som kjem ut neste år. I tillegg har det blitt mange timar med øving. Så det er eit band som er gira på speling som kjem til storsalen, seier Andreas Petersson.
Revehiet har eit solid publikum etter kvart, og då dei spelte i Haugesund, var det tett i tett med Tysværbuar på plass.
– Me er vel eit Haugaland-band om ein ser på kor me bur og jobbar. Eg jobbar sjølv på ungdomsskulen på Frakkagjerd og får med meg det som skjer i kulturhuset. Lunsjkonsertane er viktige for mange band. Det er ein unik moglegheit til å få spele på ein stor scene, med god lyd og med stileg lys. Me får i alle fall testa ut formatet vårt, seier Petersson, som har vore gjest fleire gonger til lunsj, både som gitarist og vokalist i Revehiet, men også som backing for andre artistar.

Lunsjkonsertar denne hausten: Revehiet 10.10, Østebøvikane 7.11, Eivind Jul 21.11 og Lars Johannes Liknes 19.12

Litt av kvart
– Kva får me høyre denne gongen?
– Det blir litt av kvart av det me har spelt tidlegare, samt litt nytt. Sist me var med på lunsjkonsert under TV-aksjonen i fjor, var det som trio. Nå tar me med oss heile bandet. Målet er å vise heile breidda i den musikken me jobbar med. Den utviklar seg heile tida, men eg trur dei som har høyrt oss før vil kjenne igjen sounden vår. Litt ekstra stas er det at denne konserten kjem i haustferien, så då kan ein del av kollegaene mine endeleg få gå på lunsjkonsert, smiler Andreas Petersson.
Noko av målsettinga til lunsjkonsertane er at me skal ha eit spenn i musikken.
– Det trur eg me kan vere med på å bidra til. Me speler alt frå rolege låtar til meir rocka gitarbaserte songar. Som sagt er me nå midt inne i innspeling av nye songar, og då har me sjølvsagt hatt mest fokus på dei nye songane. Men som dei fleste veit, så lever mange songar sitt eige liv, og av og til er det kjekt å leike seg med dei også. Eg trur dette skal bli ein strålande føremiddag i Tysværtunet, seier Petersson.

Oddbjørn Austevik og Kjersti Tingelstad er på plass i Tysværtunet, fredag.


Viktig
Bandet har øvingslokale i Tysvær og det står fram som eit musikalsk kollektiv sjølv om trioen Petersson, Kjersti Tingelstad og Oddbjørn Austevik styrer det meste. Med seg i bandet har dei Andres sin bror Sindre Petersson Løvold på bass og trommisen Rune Andreassen.
– Kor viktig er det å få spelt inn musikk og gi den ut?
– Det er viktig å ha eit produkt å vise fram om ein vil ha spelejobbar. Me fekk ein del jobbar i sommar og det gav meirsmak. I tillegg er det sjølvsagt kjekt for dei som liker oss å finne oss på Spotify og dermed kunne spele musikken vår der dei er.
– Det nærmar seg fullt hus. Tankar om det?
– Stas er vel det rette ordet. Håper ikkje at nokon ventar til det er for seint, men klikkar seg inn på kulturhuset sine sider og tar ut billett. Det er heilt gratis, avsluttar Andreas Petersson.
Lunsjkonsertane er eit samarbeid mellom Tysværtunet kulturhus og Tysvær Bygdeblad og er gratis. Billettar finn ein på kulturhuset si heimeside og må tas ut før konsertstart.

https://www.tysvertunet.kulturhus.no/gratis-lunsjkonsert-revehiet-m6e9sfs/