Paul Hansen
Paul Hansen har gitt ut ny singel. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Moderne julestemning frå Paul Hansen

Det er ei fin og variert blanding av stemning i julelåta «I år» servert av Paul Hansen. Når han endeleg tar steget inn i julemusikken, så vel han å gjere det slik han kan best. Han bruker den fantastiske stemma for alt den er verd. Roleg og nedstrippa, men også storslått og emosjonelt.
For «I år» er ikkje noko klassisk julelåt, den er meir som er forteljing om sakn og forventningar og som lar lyttarane tenke og gjere seg eigne meiningar om temaet. Lett å kjenne seg att i, men også herleg å berre lytte til. Blandinga av strykarar?, «spikerpiano» og Hansen si stemme er ein suksess og berande i låta.
Dette er eit spennande prosjekt og kanskje ei overrasking frå godaste Paul Hansen. Men med hans talent og dei musikalske medspelarane, landar han nesten fjellstøtt. Men julemusikk er noko heilt eige, og det er mykje som skal falle på plass for at det blir ein julehit. Dette er strålande på mange måtar, men det manglar kanskje det litle som gjer at alle går og nynnar på låta i advent.
Men set du deg ned og lyttar, så vil du garantert bli tatt med inn i forteljinga. Det er ein styrke for låta, som kjem ut til helga.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny singel

Terningkast 5

I år
Singel
Paul Hansen
Produsert av Ronny Graff Janssen
Trommer: Torstein Lofthus, Fele: Madeleine Ossum, Bass: Henning Hansen, Gitarar/ pedal steel: Kjetil Steensnæs og Thom Hell: Pianobidrag
Utgivar/label: vulgatarecords