Nå er ho på ein slags måte tilbake med ein litt anna og nedstrippa musikk. Saman med halve gamle Vamp som band har ho satt musikk til venninna Sigrun Gilje Heimdal sin
Det er annleis enn den varme soulrøysta som kjenneteiknar Svensen si karriere. Men det er nakent og vakkert, lett lyttbart og med Økland, Apeland og Støle i bandet blir det noko elegant over det. Og mange vil nok også sette pris på at ho syng på norsk, sjølv om Sauda-dialekta for lengst er øydelagt.
Det å ta eit sprang og byte litt stil i vaksen alder er det mange som har gjort. Dette er eit eksempel på at det kan vere både inspirerande og litt nytt for fansen og den trufaste lyttarskaren.
Svensen har dei siste åra spelt ein del konsertar med Torbjørn Økland og hans gitarar. Lydbilete her minner litt om dette samarbeidet.
Slik musikk er alltid velkommen og eg trur mange vil både bli glad og litt overraska over «Tusen fryd», – ei låt eg tippar er litt annleis live enn på digitale plattformer.
Kanskje stikk ho innom Tysvær ein dag, det hadde vore stas.
Alf-Einar Kvalavåg
Ny singel
«Tusen fryd»
Grethe Svensen
Tekst: Sigrun Gilje Hindal
Musikk: Grethe Svensen
Grethe Svensen: vokal
Torbjørn Økland: gitar, mandolin, trompet
Carl Øyvind Apeland: kontrabass
Lars Erik Støle: flygel
Vegard Fossum: perkusjon
Studio: Fersk lyd, ABC Studio
Opptak/Miks: Giert Clausen, Kjetil Ulland
Cover, design og foto: Sigrun Gilje Hindal
Label: Embacle Records

