Ann-Kristin Berge Dahle, rådgiver samfunnsutvikling og folkehelse
Ann-Kristin Berge Dahle, rådgiver samfunnsutvikling og folkehelse FOTO: Alf Einar Kvalavåg

Nyt sola – men vis solvett

No kjem den tida på året vi har venta på. Lyse kveldar, kaffikoppen ute på terrassen og ungar som spring barbeint – endeleg kan vi nyte sola igjen. Det gjer godt for både kropp og sjel.
Men det er éin ting å hugse på: Sola bør nytast med litt vett.

Sola gjer godt – i passe mengder

Vi treng sola. Den gir oss D-vitamin og energi, og mange kjenner seg både gladare og friskare på denne tida av året.

Samtidig er det slik at for mykje sol kan skade huda og auke risikoen for hudkreft. Faktisk har rundt 90 prosent av hudkrefttilfella samanheng med for mykje sol eller solarium.

Det kan høyrest alvorleg ut, men heldigvis er det mykje vi kan gjere sjølve.

Litt solvett kjem du langt med

Det handlar ikkje om å halde seg inne, men om å bruke sola klokt.

Kjenner du at sola steiker midt på dagen? Då kan det vere lurt å ta ein pause. Når sola er på sitt sterkaste, kan det vere fint med ein pause i skuggen.

For skugge er gull. Enten det er under eit tre, ein parasoll eller ved hytteveggen – det tek bort mykje av den sterkaste sola.

Klede gjer meir nytte enn vi gjerne tenker. Ei lett t-skjorte og ein caps beskytter godt både hud og auge.

Og så kjem vi ikkje utanom solkremen. Bruk faktor 30 eller høgare på det som ikkje er dekt til, og hugs å smøre igjen utover dagen, særleg etter bading.

Ta ekstra vare på dei små

For barna våre handlar det mykje om gode vanar. Dei har tynnare hud og blir lettare solbrende, og solskadar tidleg i livet kan få betydning seinare.

Kort oppsummert: ver i skuggen, bruk klede, ta pausar frå sola og bruk solkrem. Små babyar bør helst ikkje vere i direkte sol i det heile.

Litt planlegging gjer stor forskjell

Det er ikkje alltid vi kjenner kor sterk sola er, og særleg ikkje når det bles litt eller er lettskya. Men strålinga kan likevel vere kraftig, og blir også forsterka av sjø.

Eit lite tips er å sjekke UV-indeksen i vêrappen. Er den 3 eller høgare, er det lurt å tenke litt ekstra på solbeskyttelse. Dette kan også vere tilfelle når det er overskya.

Sommaren er til for å nytast – ute, i lag med andre og i det som gir energi.
Med litt solvett i bakhovudet kan vi trygt nyte både fine dagar ved sjøen, i hagen og rundt om i Tysvær.