Tor Eriksen fyller 80 år 1. mars 2025
Jubilanten har som ung både reist til sjøs og hatt arbeid i Gartnerhallen. Men det var elektrikar han blei.
Tor Eriksen og firmaet hans, TYSVÆR ELEKTRO AS i Skjoldastraumen. utfører alle typar elektriske installasjonar, i private hus, hytter og næringsbygg i Tysvær og omland. Jubilanten har over 50 års erfaring, er framleis i aktivt arbeid, sjølv om alderen tilseier at han skulle vore pensjonert for lenge sidan.
Eg har sjølv leigd Tor Eriksen og firmaet hans fleire gonger dei siste 50 åra. Først til elektrisk opplegg i nytt hus i Åmsosen i 1975 og seinare då eg flytta til Vormestrand i Suldal i 1994, blei det TYSVÆR ELEKTRO som stod for vedlikehald og reperasjon av det elektriske anlegget i dei gamle husa på garden. Som de skjønar, så var me så nøgd med Tor sitt arbeidet at me leigde elektrikaren frå Skjoldastraumen til Suldal for å montera installasjonane i ny driftsbygning i 1998 og eitt større hytteprosjekt i 2011.
Ynskjer elektrikaren og jubilanten Tor Eriksen tillukka med 80 årsdagen.
Karl Ohm, Døsje