Verd ein kamp

«Kommunestyret stiller seg nøytralt til kva målform som blir nytta i offentleg teneste i Tysvær kommune».

Avstemminga viste 16-13 for denne setninga lagt fram for tysdagens kommunestyre. Eit historisk tap for nynorsken i Tysvær og ein siger for mellom anna ordførar Harald Stakkestad.
For dette er ein todelt siger og difor også eit todelt tap.
Nynorsken til ein del av dei som nå lovleg kan gå tilbake til bokmål har vore til stryk i mange år. Det har dei påpeika sjølv og det har dei fått høyre rikeleg med gonger. Det har ikkje stått på vilje, men på evna. Saksutredningar og offentlege svar har det fleire korrekt har påpeika i denne saka, vore ei forferdeleg knoting. Det har rett og slett ikkje tent nynorsken som språk, heller tvert om.
Dette har ordføraren kjempa mot så lenge han har vore politisk aktiv. Han har vore tydeleg. Ja, til nynorsk. Nei, til tvang. Nå har han og fleire med han vunne fram.
Men det er lett å forstå skeptikarane. Nynorsken er i ferd med å forsvinne frå Tysvær. Me ser det i skulen og me ser det nå altså i det offentlege styringsapparatet. Å frykte at nynorsken er vekke om eit par år, er faktisk ein relevant frykt.
Skal ein vinne «språkkampen» må ein ta kampen. Ein må ut og kjempe der kor nynorsk har eit fotfeste. Ein kan ikkje tvinge det på dei som ikkje vil, eller som har bokmål med seg på flyttelasset til Tysvær.
– Korleis er det med lærebøker på nynorsk på skulane kor det er mange nynorskelevar? Korleis er det i skulebiblioteket? Kva gjer lærarane? Kva informasjon og oppfølging får dei føresette?
Er svaret på nokon av desse spørsmåla; dårleg, ja då er dette ein kamp som allereie langt på veg er tapt. Det nyttar ikkje at lokalpolitikarar står og talar varmt om målsaka, om kanskje den viktigaste målarenaen ikkje har pengar til bøker eller dataprogram på nynorsk, fordi dei må spare. Det nyttar ikkje å kalle det for kulturarv, når det ikkje er synleg for den nye generasjonen kva det er ein arvar.
Tysvær Bygdeblad er ei nynorskavis. Me bruker det både som ein del av aviskulturen i kommunen og som eit tydeleg image på ei lokalavis. Men me vil vere slik folket er, og det inneber at nokre av sakene våre kvar veke er på bokmål og at me prøver å oppdatere oss på den nynorsken som folk flest kan forstå og ikkje bli provosert av.
Det er også eit tips til Tysvær kommune.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør