Abonnementsvilkår

Vilkåra gjeld for bestilling og bruk av abonnement på Tysvær Bygdeblad. Ein kan abonnere på to typar abonnement. Papir/digital eller berre digital. Ved begge typar abonnement har ein tilgang til alt innhald i elektronisk utgåve (e-avis) og nettavisa. Papiravisa vert levert ein dag i veka. Aldersgrensa for å tinga abonnement er 18 år.

Transaksjonen vert gjort med:

Tysvær Bygdeblad, Postboks 13, 5575 AKSDAL
Tlf: 52 77 77 75
Foretaksreg: NO 928 372 340 MVA
E-post: [email protected]
Bankkontonummer: 3333 10 26803

Abonnement

Abonnementet vert betalt på forskot og held fram til me mottek oppseiing, og uansett ut den betalte perioden.

Varigheit og oppseiing

Abonnementet ditt vert fornya automatisk, med den perioden som vart opplyst i kjøpsaugneblinken. Abonnementet kan når som helst seiast opp med verknad frå neste abonnementsperiode. Ved oppseiing gjeld abonnementet ut perioden du har betalt for, men vert ikkje fornya. Eventuelt attståande beløp vert ikkje refundert. Ei oppseiing må rettast til Tysvær Bygdeblad på e-post eller telefon, eller gjennomførast på Mi side, under «Stopp abonnement». Du kan velje å stoppe papiravisa i ein periode utan at det påverkar abonnementsprisen eller ditt digitale abonnement. Lov om angrerett gjeld.

Prisar

Sjå gjeldande prisar på vår nettside www.tysver-bygdeblad.no

Levering av papiravisa i Noreg er gratis. For levering av papiravis i utlandet kjem det eit ekstra portotillegg. Ein kan velge å betale med faktura, avtalegiro, kort eller Vips. Avtalegiro må ein sjølv opprette i nettbanken. Tysvær Bygdeblad tek atterhald om når som helst å endre prisen på det løpande abonnementet. Dei nye prisane vert kunngjorde i papiravisa og på heimesida. Dei nye prisane gjeld for fastsett dato for alle typar abonnement.

Betaling

Du kan kjøpa abonnement på Tysvær Bygdeblad på www.tysver-bygdeblad.no ved å bruka Vipps, bankkort/kredittkort eller få tilsendt faktura. Ved Vipps eller kortbetaling vert kortet du registrerer trekt for ein ny periode til du seier opp abonnementet. Tysvær Bygdeblad nyttar elektronisk betalingsløysing gjennom Vipps og Nets.

Angrerett

Ved kjøp av abonnement hjå Tysvær Bygdeblad har du angrerett i samsvar med lov om angrerett. Du må gi Tysvær Bygdeblad skriftleg melding i løpet av angrerettsfristen  på 14 dagar dersom du ønsker å oppheve kjøpet.

Reklamasjon og reklamasjonsfrist

Dersom det er ein mangel ved abonnementstenesta, må abonnenten innan 2 månader etter at mangelen blei oppdaga eller burde ha vorte oppdaga, gje Tysvær Bygdeblad melding om at abonneneten vil klaga på mangelen. Det gjer ein ved å sende mail til

[email protected]

Konfliktløysing

Eventuelle klagar rettast til Tysvær Bygdeblad innan rimeleg tid jf. Punkt 5 og 6. Partane skal freiste å løyse eventuelle tvistar med god vilje. Dersom dette ikkje lukkast, kan abonnenten ta kontakt med Forbrukertilsynet for mekling. Forbrukertilsynet er tilgjengeleg på

telefon 23 40 06 00.

Levering

Papiravisa vert distribuert med posten. Det er viktig at postkassa er godt merka, slik at postbodet finn rett kasse. 7. juli 2020 reduserte Posten talet på leveringsdagar, og leveringsfrekvens vil derfor variere ut frå dette. Aviser lokalt skal i hovudsak leverast

torsdag / fredag.

Brukartilgang

Den juridiske eigaren av abonnementet er han som har teikna den. Abonnenten kan vere innlogga på fleire einingar samstundes. Brukarnavn og passord til avisa sine digitale tenester må ikkje delast med andre enn medlemmer av abonnenten sin husstand, som bur på same adresse. Dersom abonnenten deler brukarnamn og passord med andre, eller på annan måte misbruker Tysvær Bygdeblad sine tenester, har Tysvær Bygdeblad rett til straks å stenga abonnenten sin tilgang til desse tenestene og stoppe avisleveringa utan refusjon av innbetalt abonnementsbetaling.

Rettar

Som tingar av Tysvær Bygdeblad har du tilgang til alt materiale, medrekna tekstar, artiklar, nyhende, foto og video som er publisert av Tysvær Bygdeblad. Du kan lasta ned og/eller skriva ut ein enkel kopi av materialet berre til eige bruk. Avfotografering, nedlasting eller kopiering med tanke på gjenbruk er ikkje tillate.