Thomas Hansen er i gang med Tollboden i Nedstrand. Dei første utfresingane er gjort i varme og tørre lokale hos Optimera på Frakkagjerd.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Thomas Hansen er i gang med Tollboden i Nedstrand. Dei første utfresingane er gjort i varme og tørre lokale hos Optimera på Frakkagjerd.

Tollboden

I ein lagerhall hos Optimera er ein begynt å frese dei første festene i bygget som skal huse Tollboden.

Tørt og stødig. God plass til å legge ut meter etter meter med tørre stokkar. Det er ikkje lov å jukse på kvalitet og detaljar når Tollboden skal få tak over hovudet.
– Me er svært glade for at Optimera låner oss hallen sin slik at me kan gjere mykje av detaljarbeidet inne. Servicebygget skal byggast på gamlemåten og det skal ikkje nyttast spiker eller skruar. Då må fresen gjere jobben, smiler Oddvin Marvik og inspiserer arbeidet til Gunnar Tveit og Thomas Hansen.
Prestisje
For Marvik som vaks opp ein kjapp sykkeltur frå kaien i Nedstrand er det heilt spesielt å ha ansvaret for servicebygget.
– Det er ingen tvil om at dette er eit prestisjeprosjekt kor mange kjem til å følgje byggearbeidet tett. Dette er eit prosjekt som det har vore snakk om lenge og folk i bygda har store forventningar. Heile området vil få eit løft og får Nesheim-Hauge opp sitt bygg også, blir det heilt fantastisk der. Kva ringverknadar dette vil få for bygda kan ein berre drøyme om. Det blir garantert svært, seier Marvik.

Les meir om Tollboden og Haugaland Prosjektservice i papirutgåva.