Ute av syn, ute av sinn?

Då saka om dei nye rusbustadane ved Aksdalsvatnet først dukka opp på politikarane sitt bord, var det ingen av oss som reagerte. Me satt sjølv ringside og såg dei vedta bygginga. Ingen kommenterte noko eller stilte spørsmål. Kvifor? Fordi det aldri kom fram kva slags brukarar det var snakk om.

Nok ein gong tabba kommunen seg ut, med å halde tilbake informasjon. Bebuarar som får dei i nærleiken fekk berre eit nabovarsel med beskjed om at det skal byggast kommunale bustadar. Ikkje noko meir. Då naboane ved Aksdalsvatnet, fekk vete at det er rusmisbrukarar det er snakk om, så reagerte dei naturleg nok kraftig. Saka er blitt omdiskutert heftig, både på leiarplass og spalteplass hos oss, og gjennom lesarbrev. Menneska som skal bu i dei nye rusbustadane er folk som rusar seg aktivt. Dei er ikkje under noko form for behandling eller har eit aktivt ønskje om å bli rusfri. Dette er dei som «dett utav» alle andre system. Dei kan ikkje bu på gata, dermed blir desse bustadane løysninga.

Då ekteparet Ravdal som har hatt hytte i området «heile livet», fekk beskjeden blei dei fortvila. Bustadane blir deira næraste nabo. Ravdal har hatt fleire innbrot siste åra, dei har til og med opplevd at folk har flytta inn i hytta deira mens dei har vore heime på Ålgård. Det er skremmande og ubehageleg nok i seg sjølv. No som rusbustadane kjem, gjer det situasjonen enda verre for dei. Så galt, at dei ser sal av eigedomen som einaste utveg. (Så kan ein berre spørje seg kva dei nye rusbustadane gjer med marknadsverdien i området).

Andre plassalternativ blei lufta på dei politiske møta, fleire meinte at området ved Hegren Legesenter burde vere betre. Der er dei meir synlige. Men ordføraren brukte argumentet «ute av syn, ute av sinn». For det er vel slik, at ein helst ikkje vil sjå desse menneska, ikkje kjenne dei, og ingen vil ha dei i sin bakgard. Men kor skal ein plassere dei? For alle har jo rett til ein plass å bu? Det er ikkje lett, ingen enkel oppgåve for kommunen – det er lett å sjå. Men, hadde dei vore meir opne om dette frå starten av, så kunne kanskje situasjonen vore litt betre i dag? Hemmelegheitsskremmeri er verste sort for politikk. Det gjer alle usikre.

Naboane ved Aksdalsvatnet er blitt beroliga av politiet, med at rusmisbrukarane stort sett er ufarlege. Men ser ein på statistikken, så viser den at majoriteten av all vinningskriminalitet skjer mens gjerningsmenna er rusa (!). At naboane er bekymra skjønar nok alle. At dei er redde for ungane sine, barnebarna og heimane sine. Kva med å spytte inn noko konsulentbidrag også i denne saka? (Som i så veldig mange andre). Finne ut kva plassering som gagnar alle – ikkje berre kommunen? Det er vel i slike saker ein ikkje bør snøre pengesekken for godt saman? Saker der det er snakk om menneske, ro, oppvekstvilkår, sikkerheit og trivsel?

Mona Terjesen

Konst. redaktør