Kven har ansvaret?

Det finst mange unnskyldningar for å ikkje trene. For å heller velje sofa, god mat og tv, enn å komme seg ut i naturen, eller inn på eit treningssenter…

For nokre er terskelen høgare enn for andre, for å klare å motivere seg sjølv. For å skjønne alvoret i kor viktig det er å ta vare på kroppen sin, halde maskineriet i gong. Alle treng eit push innimellom – kanskje også eit «spark bak». Nokon eller noko som får ein opp av sofaen og ut av huset. Nettopp derfor er det så utruleg viktig at ein legg til rette for folk. Ein må ha gode og varierte treningstilbod i alle kommunar. Noko som passar for alle. At ein så stor kommune som Tysvær ikkje har fleire individuelle moglegheiter er synd. Ein skal hugse på at breiddeidrett ikkje er for alle. Ein skal også hugse på at etter ein viss alder så fell dei fleste av fotballkarusellen. Kva då? Kva med dei?

Folk er glade i å gå tur i Tysvær, og ein har mange flotte moglegheiter i kommunen. Det er bra. Men for nokon held det ikkje å ta ein runde med hunden på ettermiddagen. Livsstilsjukdommane florerer og ekspanderer. Overvekta er aukande – også blant dei unge. Mange «skjønar» ikkje kvifor dei legg på seg, kvifor dei ikkje klarar å gå ned, og kvifor dei blir så fort tungpusta. «Dei går jo tur». Ofte er det rett og slett ikkje nok, mykje meir må til. Mange anar ikkje kor dei skal byrje, og kva som må til. Dette burde dei kunna fått hjelp til. Og hjelpa bør vere innan rekkevidde. Ikkje hos nabokommunen. På mange treningssenter i byen, får ein den ekspertisen ein treng. Ernæringsfysiologar, personlege trenarar, instruktørar, fysioterapeutar osv. Ein får eit skreddarsydd opplegg både innan mat og trening. Alt blir lagt til rette for at ein skal få ein funksjonell og frisk kropp. For det er verkeleg det det handlar om. At ein skal få ein kropp som spelar på lag. Ein kropp ein kan leve godt med heile livet. Det er mykje fokus på ekstremt trena kroppar for tida. Altfor mykje. Det er om å gjere å sjå sprekast mogleg ut – ofte til ein kvar pris. Det må ein velje å ignorere. Ein må tenke at ein skal ha energi til å leke med barna eller barnebarna sine, at ein skal føle seg vel, føle seg frisk, og vite at ein tar vare på seg sjølv. Det er ein herlig følelse når ein har trossa trongen til å hive seg på sofaen – og i staden komme seg på trening. Gevinsten er god samvittigheit og glede.

Men så… skal folk ta ansvar for seg sjølve, så må det også leggast til rette for dei. Dei må få eit seriøst, godt treningssenter med skikkeleg kompetanse. Folk kvir seg ofte for å gå inn i «slike senter». Dei føler seg for tjukke, for utrente. Føler at «alle ser på dei» osv. Men dei plassane der ein merker at det er tilsett eit godt og seriøst fagpersonell. Der ein ser at folk under rehabilitering trenar, der pensjonistar møter kvarandre til morgontrim, der småbarnsmødrer treff kvarandre for ei økt og ein kopp kaffi på morgonen… desse plassane er lettare å oppsøke. Slike senter burde alle kommunar ha – små som store. I Tysvær, som allereie er i ferd med å bli ein rimeleg stor kommune, ikkje minst med ung befolkning, burde det vore ei sjølvfølgje.

Konst. redaktør Mona Terjesen