To Ølen-skåringar av Magne Christiansen og John Magnus Høyvik før kvarteret var gått øydela mykje for Falkeid. Heimelaget kom til ein masse halvsjansar, men klarte ikkje å utnytte dei. Dermed blei det aldri det heilt store trykket i jakta på poeng.
– Det er den siste biten foran mål som me ikkje får til. Me kjem til innlegg, men det er ikkje godt nok samkjørt. I tillegg har me rett og slett ufalks og får svi voldsamt for at me ikkje er heilt på i starten av kampen, seier Sondre Voll.
Eit av heimelaget sine utfordringar er å få tak i ein goalgettar. Når midtstoppar Voll blir sendt fram som spiss den siste halvtimen, seier det meir om saknet av ein spydspiss, enn om Voll sine spissferdigheiter.
– Me skulle slå langt på meg og så skulle me krige rundt 16-meteren. Det gjekk berre eit par gonger. Elles var det for mykje slurv den siste tredelen av banen, seier Voll som såg at Rune Lindanger skåra heimelagets mål på eit frispark frå 17-18 meter.
På overtid skåra gjestane eit nytt mål
Betring
– 3-1 var vel litt i overkant mykje trenar Frode Hundsnes?
– Det kan eg vere einig i. Dei var eit solid lag og heilt klart det beste me har møtt i haust. Likevel burde me kunne gitt dei betre kamp. Dei er effektive og skårar, me manglar det litle ekstra der framme. Men dette var eit stort steg i rett retning for oss og er er sikker på at det blir poeng på oss rimeleg raskt, seier Hundsnes, som framleis er skada og ikkje kan spele.

Meir om kampen i neste papiravis.
Faktaboks
Falkeid 1 (0)
Ølen 3 (2)
5. div. avd. 3
Troppene
0-1 Magne Christansen (5)
0-2 John Magnus Høyvik (15)
1-2 Rune Lindanger (70)
1-3 Rasmus Lærdal (90)
Dommar: Anfinn Birkeland, Djerv 1919
Tilskodarar: 20