Brian Risanger skåra seks mål mot Voll. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Brian Risanger skåra seks mål mot Voll. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Risanger 6, Skjold 10, Voll 1

Skjold har slitt i motbakke lenge. I ettermiddag fekk Voll svi for det. Skjold stoppa ikkje før dei hadde 10-1. Brian Risanger skåra seks av måla.

Dermed er det god stemning i Grinde.
Her er et referat frå klubben si heimeside:
Dei fyrste fem minutta var det egentlig Voll som hadde spelet og eit par sjansar, men når Brian satte inn 1-0 etter 12 min og Morten med ei perle to minutt etter, datt Voll meir saman og Skjold tok over. Men det var ikkje spel berre på ein banehalvdel, Voll gjorde sitt til at gutane våre måtte stå på heile tida. Den største forskjellen i dag var at Skjold var utrulig gode på avsluttningane, det eine målet betre enn det andre (Voll fekk sitt på straffe etter 55 min.).

Faktaboks

Skjold 10 (5)
Voll 1 (0)
4. div. avd. 3
Grinde stadion
12 min 1-0 Brian Risanger
14 min 2-0 Morten Bådsvik
15 min 3-0 Sander Hettrevik
19 min 4-0 Oddbjørn Halvorsen
29 min 5-0 Brian Risanger
55 min 5-1 straffe
56 min 6-1 Brian Risanger
59 min 7-1 Brian Risanger
63 min 8-1 Brian Risanger
70 min 9-1 Brian Risanger
76 min 10-1 Hilberg Nemeth