Ikkje før hadde dagleg leiar i Galleri Normisjon, Lillian Dombestein, fått ønskje velkommen før den nye bruktbutikken i Aksdal Senter var fylt opp med kundar.
Ikkje før hadde dagleg leiar i Galleri Normisjon, Lillian Dombestein, fått ønskje velkommen før den nye bruktbutikken i Aksdal Senter var fylt opp med kundar.

Folk strøyma til gjenbrukbutikken

Ikkje før hadde dagleg leiar i Galleri Normisjon, Lillian Dombestein, fått ønskja velkommen før den nye bruktbutikken i Aksdal Senter var fylt opp med kundar.

– Det er kjekt å sjå at så mange har funne vegen til denne butikken og me håper at dette både skal vere ein treffstad, ein spanande butikk og ei inntektskjelde til våre prosjekt både lokalt og i Nepal. Me er så heldige at ordførar Harald Stakkestad vil klippe det raude bandet som ei offisiell markering av butikken no er opna, sa Dombestein.
Ordføraren sa i si helsingstale at butikken var hjerteleg velkommen til Tysvær og at det frivillige arbeidet i kommunen er svært viktig.
– Det at folk kan komme her med ting dei ikkje lenger har bruk for, og som kan få ein ny heim er svært positivt. I tillegg blei eg glad då eg høyrte at ein også skulle ha ein liten kaffikrok her, kor folk kan møtast. Hermed erklærer eg butikken for opna, sa Stakkestad og klippet bandet.
Heile konseptet går ut på at det skal vere frivillige som skal betene butikken. Og utvalet på opningsdagen var både variert og spanande.

Les meir i papirutgåva