Gunnar Staalesen signerte villig vekk på Varg Veum «Ingen er så trygg i fare...». Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Gunnar Staalesen signerte villig vekk på Varg Veum «Ingen er så trygg i fare...». Foto: Alf-Einar KvalavågBilde 1 av 7
Skjermbilde 2014-10-27 kl. 21.38.35
Bilde 2 av 7
Skjermbilde 2014-10-27 kl. 21.42.20
Bilde 3 av 7
Skjermbilde 2014-10-27 kl. 21.43.19
Bilde 4 av 7
Skjermbilde 2014-10-27 kl. 21.43.31
Bilde 5 av 7
Skjermbilde 2014-10-27 kl. 21.43.38
Bilde 6 av 7
Skjermbilde 2014-10-27 kl. 21.43.49
Bilde 7 av 7

Kriminelt bra i bokhandlaren

Med trioen René Rønshof, Fredrik S. Fotland og Gunnar Staalesen på besøk blei det ikkje uventa god stemning og eit spanande møte mellom forfattarar og lesarar i bokhandelen i Aksdal. Her er eit lite album med bilete under mottoet «Då eg møtte Gunnar Staalesen».

– Det er noko heilt spesielt å komme ut på denne måten og treffe våre lesere. Det er også godt å komme til ein skikkeleg bokhandlar. Det begynner dessverre å minke på dei og det er forferdeleg trist. For meg var det sjølvsagt spesielt spanande nå når eg nettopp har gitt ut den 17. Verg Veum boka, seier Gunnar Staalesen.
Selfiar og autografane hang laust i bokhandelen til Judith Sande.
Forfatterane snakka om bøkene og las utdrag. Dei blei internvua av Fotland.
– Når ein har gitt ut så mange bøker som meg og har skapt ein så kjær figur som Varg Veum så treff ein rett og slett på fans. Det likar eg og slike kveldar som dette set eg stor pris på. Det gjer me alle som er glad i bøker, seier Staalesen som kjem tilbake til bLEST om kort tid. Då skal han vere ein del av krimkvelden i storsalen på kulturhuset.
Staalesen som kjem ut med nye Veum-bøker annakvart år røpar at noko av handlinga i den neste i 2016 kjem til å bli lagt til Haugesund.