Politikkens mørke side

Ein kan ikkje ha unngått å lese om det den siste tida. Politikarar som gir seg og bytar «lag». Det er politikarar over heile landet som rett og slett har fått smake på den politiske baksida av medaljen.

Ei lysande politisk karriere i eit parti som snakka det same språket som politikaren. Om store draumar som blir knust, enten gjennom brotne valløfte eller gjennom nominasjonsmøte, som ikkje endar slik ein alltid trur på førehand.
Det blir feil å skulde på at ein burde vere førebudd på at slikt vil skje. Historia, også i Tysvær, fortel om både mindre kjente og godt kjente lokalpolitikarar som har fått nok. I yttarste konsekvens byter dei parti, lenge før perioden er over. Og det er garantert ein politisk terskel dei då må trø over. Rett nok er det blitt slik i norsk politikk, og spesielt i lokalpolitikken, at partigrensene på mange måtar og i mange saker er nokså utvatna.
Så når ein politikar tenner på alle pluggar, skiftar parti og gir eit tydeleg signal om at nok er nok, treng det ikkje vere det store spranget.
Likevel må det kunne stillast spørsmål om dette er heilt greitt? Me som har gitt vår stemme er kanskje ikkje heilt einig i at «vår» mann eller kvinne skiftar beite. Me har stemt for at vårt parti skal komme i posisjon, gjennom dei som står på lista. Kvifor er det ikkje karantenetid? Er det fritt fram for å ta med innsideinformasjon frå det eine gruppemøtet til det neste?
Og, som for Sveio nå, er det greitt at ordføraren skiftar parti eit halvår før valet og kan få tilbod om å vere listetopp for eit anna parti?
Eg meiner det høyrest rart ut, og det kan neppe vere til nytte for samfunnet at det kan vere slikt.
Eit anna spørsmål som kjem fram ved slike avgangar er; kva gjer partia der det blir slike situasjonar? Snakkar dei saman, eller er dei berre glade for å bli kvitte verkebyllar som ikkje snakkar det sama språket som dei sjølve? Er det debatt internt, om dette kan få alvorlege ringverknadar?
Det kan virke som om det er blitt ein ny trend at politiske forpliktingar lett kan brytast. Det gjeld enkeltpolitikar, eller partisamarbeid. Det er i så fall ein svært dårleg trend som bør skjerpast inn.
Mange som stemmer gjer det taktisk. Dei vil ha sine favorittar og sitt parti med der kor framtida skal skapast. Og når ein då får slike hendingar servert i nesten kvar einaste nyhendesending, vil det vere eit dårleg signal å sende ut framføre valet til hausten.
Dette er ein uting me ikkje treng i det norske demokratiet.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør