Ola S. Apeland studerer kartet over Tysvær for n´te gong. Fleire alternative trasear for ein ny motorveg stopper mange av kommunen sine eigne planar. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ola S. Apeland studerer kartet over Tysvær for n´te gong. Fleire alternative trasear for ein ny motorveg stopper mange av kommunen sine eigne planar.

Stopper andre planar

Det kjem firefeltsveg frå Bokn gjennom Tysvær og inn i Sveio. Kor, har ingen bestemt og fram til det er avgjort, blir det vanskeleg å planlegge lokalt.

Det var Høgre og Ola S. Apeland (H) som fekk med seg kommunestyret på å stille krav om betre veg gjennom Tysvær. Strekninga Bokn – Aksdal var den glømte strekninga. Nå blir kommunestyret høyrt, men samstundes stilt ovanfor ei stor utfordring.
– Statens Vegvesen har komme med motsegn i kommuneplanen til Tysvær for å ta høgde for fleire alternativ til traséval av det som ein kan kalle motorvegen gjennom Tysvær. Det gjeld spesielt i Slåttevik-området, men også i Aksdal sør og i Aksdal sentrum. For oss blir det ein svært vanskeleg situasjon, fordi det grip inn i dei planane me har i desse områda. Nå blir det svært viktig for oss politisk og administrativt å vere med i dialogen og sørgje for at det, for det første blir gjort rette val, men også raskast muleg bli avklart kor traseen vil komme, seier Apeland.

Les heile saken i papirutgåva.