Kristoffer Askeland skåra for Stegaberg. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Kristoffer Askeland skåra for Stegaberg. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Stegaberg imponerte

Stegaberg imponerte stort då dei i kveld klarte uavgjort 3-3 mot Avaldsnes. Stegaberg leia ei stund 3-1.

Etter at laga var likt, 1-1, ved halvtid, gjekk Stegaberg opp i ei 3-1-leiing. Mot slutten gjekk dei litt tomme og 4. divisjonslaget frå Karmøy slo tilbake.
– Dette var svært bra og laget viste ein skikkeleg lagmoral, seier trenar Thormod Ness, som såg at Kristoffer Askeland (2) og Vemund Eskevik skåra for Stegaberg.
For Avaldsnes skåra: Thomas Le, Trond Daniel Thorvaldsen og Aleksander Johnsen.