Henning Fjelde reparerer ein dørkarm som har fått seg ein smell. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Henning Fjelde reparerer ein dørkarm som har fått seg ein smell. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Tid for vårjakt – på rust og skade

VÅRPUSS: Vinteren på Vestlandet har vore lang og våt. Bilane har kjørt i ei blanding av søle og salt. Nå er det på tide å finne fram vatn og såpe. Samstundes startar jakta på rust og småskader. Gjer ein jobb, elles så hamner bilen din raskt i lakkeringsgarasjen til Lakk Service.

Det er høgtid for bilvask og hjulskift i Tysvær. Mange har gode rutinar, men hos Lakk Service på Frakkagjerd ser dei at slurv kan fort kan bli kostbart.
– Vårvasken er ein perfekt sjanse til å sjekke bilen for steinsprutskader, små rustflekkar eller andre misfargingar i lakken. Små bobler i lakken tyder på at det er begynnande rust på gong, og då er det viktig å gjere grep, før det spreiar seg. Lakk må haldast ved like, og det er ein jobb dei aller fleste klarer sjølve, seier dagleg leiar, Bjørn Martin Nernes.
Vask
Ein rein bil vil vere langt mindre utsett for rust, enn ein som er blitt kvit og skitten etter vinteren. Og med dagens rikhaldige utval i vaskemidlar, er det inga unnskuldning å la vere.
– Nei, det må vere latskap om ein ikkje, i alle fall eit par gonger i året, tar seg tid til ein skikkeleg vask.
– Korleis gjer ein det skikkeleg?
– Begynn med å spyle bilen så rein som muleg. Nytter ein seg av høgtrykkspylar må ein vere svært forsiktig. Balansen mellom at lakken er rein og blir skadd, er liten. Så bør ein bruke eit godt avfettingsmiddel. Det kan sprayast på og så tørkast vekk. Så er det å gå laus med ein god bilsjampo og svamp. Bruk alltid ein rein svamp og sjekk at det ikkje legg seg steinbitar, eller anna i han undervegs. Uansett kor gode og moderne bilvaskemaskinane er blitt, er det framleis ingenting som slår ein skikkeleg god gamaldags handvask av bilen. Spyl vekk såpe og tørk, eller la bilen tørke av seg sjølv.
Sjekk
Mens bilen tørker, kan ein bruke tida på ein sjekk, etter dei frykta rustboblene eller skader.
– Det er fleire stadar ein bør sjekke for rust. Dører er utsett, både på inn- og utsida. Alt som er i kontakt med pakningar er utsett. Hjulbogane, område rundt lykter og slikt, og panseret. Kjenn etter med ein finger og bruk ei lykt hvis det er dårleg lys. Sjølv små rustskader kan utvikle seg til å bli ein dyr lærepenge, om ein ikkje gidd å sjekke, seier Nernes.
Voks
Etter at bilen er tørr, bør ein spandere på seg ein skikkeleg runde med voksing. Bruk gjerne ein pussemaskin og gjer ein grundig jobb. Det gjer at lakken held seg fin lengre, og at kvaliteten også held seg.
– Me pleier å seie det det slik, at når det ikkje lengre er dråpar som renn av bilen i regnvêr, så bør ein vokse han. Mange har sett korleis lakk, som er polert, reagerar på regn. Det er slik det bør vere, og det all bilpolering handlar om. I tillegg til at bilen ser flott ut da, smiler Nernes.
– Nå er det slik at Nernes og hans tilsette mellom anna lever av at mange ikkje gidd å passe på bilen sin. Dei får meir eller mindre rustsjokk, og må betille seg ein time.
– Eg kunne sjølvsagt sagt at det er bra for oss, men det er heldigvis mange som er flinke til å passe på bilane sine. Men, er uhellet ute så har eg nå fire fagfolk på verkstaden her på Frakkagjerd, som kan gjere jobben. Me må pusse og slipe vekk det som er skadd, eventuelt sparkle litt, grunne og så lakke på nytt i den originale fargen. Slikt kostar sjølvsagt, men ikkje verre enn at det lønner seg, seier Bjørn Martin Nernes.

Les heile saka i papirutgåva.