Det blei for langt fram for Johan Kringeland Eriksen og Solør Svarten i kveld. Foto: Rikstoto
Det blei for langt fram for Johan Kringeland Eriksen og Solør Svarten i kveld. Foto: Rikstoto

Blei «berre» nummer to

Johan Kringeland Eriksen og Solør Svarten var storfavorittar i dagens V65-spel frå Forus. men ekvipasjen blei grundig slått av 2. favoritten Bacchus Ø.K. og Joakim Rasmussen.

Som ein ser av målfotoet frå Forus var det godt med plass bak vinnaren i det andre løpet. Kringeland Eriksen, som gjestekuska Solør Svarten, var kveldens store favoritt og var mest spelt av alle. Med 1.16 i odds var det ein del som likevel garderte med nettopp nummer 7 Bacchus Ø.K. for å håpe på større premie. Det kan det bli nå.
Solør Svarten eiges av 1.000 personar og kallast Forushesten. I kveld var det difor ein del skuffelse å sjå blant travfansen på travparken i Stavanger.