NMK Vikedal sitt juniorlag 2015. F.v. Eirik Sandvik, Julie Mæland, Espen Olsen, Sverre Hundseid, Sølve Østbø og Stian Espevoll.
Foto: Privat
NMK Vikedal sitt juniorlag 2015. F.v. Eirik Sandvik, Julie Mæland, Espen Olsen, Sverre Hundseid, Sølve Østbø og Stian Espevoll.

Bilsportsesongen opnar i Vikedal

Komande helg opnar bilsportsesongen i Vikedal med vanleg bilcross-/crosskart-/rallycrossløp lørdag og parallellrace for dei same klassane søndag. Ein del av førerane deltok i det første løpet for sesongen i Bergen forrige helg.

Dette løpet var kvalifisering til Landsfinalene for bilcross/bilcross jr. og 1. runde i Vestlandsmesterskapet for bilcross. I Vikedal er det 1. runde i Vestlandsmesterskapet for rallycross. I overkant av 80 deltakerar er påmeldt totalt.

I bilcross junior-klassen gror det godt, og heile 27 førerar er påmeldt. 1. august skal NMK Vikedal arrangera Landsfinalen for bilcross jr. og nokre førerar frå andre sida av langfjella tar turen for å prøva banen. Det var Sigve Hansen, NMK Bergen, som vann sist helg framfor klubbkollega Adrian Vaktskjold. Deretter kom tre NMK- Vikedal-førerar på rekke og rad med Eirik Sandvik på tredjeplass, Julie Mæland på fjerde og Sølve Østbø på femte. Desse fem, pluss Kaj-Erik Heimvik, NMK Bergen, vart kvalifisert til Landsfinalen for bilcross jr. i Vikedal 1. august. Alle desse er påmeldt og vil nok vera blant favorittane. I tillegg vil nok Simen Engsvik, NMK Aremark, Nikolay Rike Grønlund, NMK Konsmo, og Sondre Evjen, NMK Gol, satsa på ei god plassering når dei prøver banen før Landsfinalen. Av andre lokale førerar har Sverre Hundseid og Stian Espevoll vist gode takter på treningane før påske, og håpar nok på ei god plassering.

Seniorklassa har så vidt fleire deltakerar enn junior, men heile A-finalen frå løpet i Bergen er påmeldt. Det var Robert-Andre Heimvik, NMK Bergen, som vann i Bergen. Som nokre kanskje hugsar hadde han eit uhell i augustløpet i Vikedal i fjor, men er no tilbake for fullt. Klubbkamerat Bjørn Tore Teigland vart nr. 2,framfor Rune Vaktskjold, NAF MS Nordhordland. Torbjørn Østerbø Veland, NMK Bergen, vart nr.4 med Oliver Matre, NMK Vikedal, på plassen bak. Oliver kjørte mest, ettersom han så vidt kom med i D-finalen. Regnet som kom før finalane passa tydeligvis bobla hans, så han vann D-, C- og B-finalen før han vart nr. 5 i A-finalen. Han er med det, saman med resten av A-finalen, kvalifisert til Landsfinalen for senior som går på Kongsberg 14. og 15. august. Av andre lokale favorittar er Sondre Hundseid Eikeland klar i sin BMW. Han var på pallen i alle bilcrossløpa i Vikedal i fjor med 2 andre- og 1 tredjeplass, så i år satsar han nok på å gå heilt til topps.

I crosskart det tre av dei lokale førerane som er påmeldt. Bjørn Cato Aarekol kjører i 85 ccm-klassen og vart nr. 5 i Crosskart juniorcup i fjor. I år er nok målet ein plass på pallen, og då er løpstrening viktig. Nikolai Andreassen har gått opp frå 85 ccm til 125 ccm-klassen, der Hauk Hamre-Hagen alt har kjørt ein sesong med blanda resultat.

For rallycrossførerane kjem våren alltid litt for fort. Sjølv om det er mange påmeldt, er det fleire av førerane som skal kjøra NM som ikkje er klar enno.
I klassen inntil 2000 ccm vil sannsynligvis kampen stå mellom Kenneth Johansen, NMK Vikedal, og Steinar Stokke, NMK Bergen. Steinar er visstnok inne i sin siste sesong og skal vinna NM, medan Kenneth ikkje får med seg alle NM-rundane og dermed satsar litt meir på dei lokale løpa i år. Unggutane Åsmund Holten og Joakim Rønnevik er klar til blanda seg inn, men kjører bilar med litt mindre motor (inntil 1600 ccm) og klarar vel ikkje heilt å halda følgje.
Glenn Olav Lothe, NMK Vikedal, har vore i toppen i Vestlandsmesterskapet sidan han gjekk over til rallycross i klassen inntil 2400 ccm, og satsar nok på ei ny topplassering. Klubbkamerat Sindre Vikedal gjekk over i fjor, og imponerte med gode resultat alt då. Stein Erling Tjelta, NAF MS Stavanger, har nok og tenkt å vera med i toppen etter tredjeplass samanlagt i VM i fjor. Det er ellers gledelig at Arild Reiakvam tar turen heilt frå Sunnfjord for å delta i Vestlandsmesterskapet.
I klassen for bilar med motor over 2400 ccm er vel Lars Reidar Frøyland, NMK Vikedal, favoritt med sin Volvos S40. Men vi skal sjå opp for Knut Endre Ringhagen, NMK Vikedal i sin BMW, og Lars Bjørn Andreassen, NMK Birkeland, i nyinnkjøpt Ford Puma.

Innsendt av NMK-Vikedal

Les meir om Tysvær-sine utøverar i papiravisa på torsdag.