Nokre av dei lokale tilsette som har komme til siste året: Frå venstre er Gjermund Waage, Øystein Nilsen, Svein Tore Jensen, Stian Hoen, Sissel Bådsvik og Claudio Saavedra. Bak står Jan Wiggo Øfelt, Ole Helvik og Ellen Kvinnesland. Det er også ein del polske arbeidarar på prosjektet, gjennom søsterselskapet til Kaefer, «Global Work».

– Vil ikkje, men trur me må…

Kjøpmann på Spar Frakkagjerd, Petter Mortveit trur at søndagsopne butikkar vil vere på plass fleire plasser i landet – allereie neste sommar.

Av Mona Terjesen
– Kjeda har uttalt at me er imot søndagsopne butikkar, og det støtter eg. Men no kjem det også an på kva regjeringa går for, blir det opp til kjøpmennene, at me får velje sjølve, så kjem eg til å vurdere kva konkurrentane gjer, før eg tar ei avgjerd.
– Betyr det at du eigentleg ønskjer søndagsopne butikkar?
– Nei. Får eg velje så seier eg nei, i utgangspunktet. Men som sagt, så må me ta omsyn til det butikkane rundt oss gjer. Om Coop som kjem rett over gata går for å halde ope, så kan det vere vanskeleg for oss å la vere, fortel Petter Mortveit.
Tysvær imot
Regjeringa har som kjent lagt ut forslag om å endre lova, og ha søndagsopne butikkar landet over. Forslaget er no ute på høyring, og kommunane kan uttale seg om to ulike modellar som Kulturdepartementet legg fram til vurdering:
– Den eine er regjeringa sin føretrekte modell, der det blir tatt ei nasjonal avgjerd om å opne for søndagshandel. På særskilte heilagdagar og på høgtidsdagane 1. og 17. mai skal butikkar som hovudregel framleis vere stengt. Til saman er dette tolv dagar.
– Den andre er Venstre sitt forslag, som gjer at kommunane sjølve kan velje fritt når butikkane skal kunne halde ope. Det føreutsett at dette ikkje skal kunne medføre innstramming – samanlikna med dagens situasjon

Les heile saka i papirutgåva.