Endeleg får Roy Helge Hank Furuly Andersen klede å jobbe i. Han purra i to år utan hell. Ein dag etter at Bygdebladet tipsa kommuneleiinga, var problemet fiksa. 
Foto: Mona Terjesen
Noko av det Einar og Veronika synst er kjekkast med denne sporten, er at også ungane kan vere med. Og dei liker det alle saman.

Sa ja i det fri

Britt-Alice Stustad Halleland (28) og Kine Halleland (26) gifta seg i helga. Det lesbiske paret er glade og takksame for at dei bur i Noreg – eit land der også dei har moglegheita til å leve eit fullverdig liv saman.

Av Mona Terjesen
Dei to møtte kvarandre på gaysir, ein nettstad der lesbiske, homofile og bifile treff kvarandre. Det blei raskt meir enn god kjemi mellom dei to unge damene.
– Den gode kjemien som bygde seg opp mellom oss, ved svært god hjelp frå Skype, resulterte i månadar med pendling over fjellet. Me kjøpte oss etter kvart leilegheit i Haugesund – hausten 2012, og etter cirka eit år kapra me drøymehuset i fantastiske omgjevnadar på Sagbakken, fortel det nygifte paret.
Kine er født og oppvaksen i Tysvær, og har budd mesteparten av livet sitt på Førland. Ho kjem frå ein søskenflokk på fire og er utdanna pilot. I dag jobbar ho i i Haugaland idrettsbarnehage. Britt-Alice kjem frå Drammen, også ho har tre søsken. Ho er utdanna interiørdesignar og jobber nå i resepsjonen på Scandic Hotell Haugesund.

Les heile historia i papiravisa.