Politiet har satt inn store ressursar etter knivstikkinga i Førre. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Politiet har satt inn store ressursar etter knivstikkinga i Førre. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Knivstikking i Førresbrekka

Ein person er sendt til sjukehus med alvorlege stikkskader etter ei hending på privat adresse i Førresbrekka.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Det var klokka 19.40 at politiet fikk den dramatiske meldinga om knivstikking.
– Me rykka ut med mykje politi og helsepersonell. Då me kom til staden fann me ein person med det som må vurderast som alvorlege stikkskader. Han hadde allereie fått medisinsk hjelp av nokre naboar, og blei tatt med til sjukehuset i Haugesund. Nå klokka 22.00 veit eg ikkje noko meir om tilstanden, enn at dette var alvorlege kutt. Me er nå nokså sikre på at det var tre personar i kjellarleilegheita kor dette skjedde. Men me etterforskar bredt og bruker mellom anna hund til å søkje i området, seier innsatsleiar Trond Børge Åsbu i politiet.
Tysvær Bygdeblad kjenner til at det har vore ei liknande hending på denne adressa tidlegare.
– Det vil eg ikkje gå nærare inn på her. Me veit ikkje kva som er årsaka til hendinga, og har nå starta avhøyr av både dei involverte og av naboar. Dette ligg like ved ein svært trafikkert sykkelveg, så det har vore mange som har passert her i kveld. Men folk har vist respekt og me har hatt gode mulegheiter til å gjere ein god jobb.
– Betyr det at ein begynner å få eit bilete av det som har skjedd?
– Ja, det vil eg seie, men som sagt held me alle mulegheiter opne og tar gjerne  imot tips i saka.
– Snakkar me om kjenningar av politiet?
– Det er personar me kjenner frå før. Meir vil eg ikkje seie om det.
Under utreiing
Kommunikasjonssjef ved Haugesund sjukehus, Margareth H. Langebro, fortel til h-avis.no like før klokka 21 at den skadde mannen er under utreiing og at ho difor ikkje kan seie noko om mannens tilstand.