Rektor Astri Knudsen Eliassen ved Grinde skule.
Rektor Astri Knudsen Eliassen ved Grinde skule.

– Eg har ingenting å beklage

Rektor Astri Knudsen Eliassen ved Grinde skule meiner ho ikkje har snakka ned nynorsken ved skulen.

Dette er ei presisering av saka som står i papirutgåva. Rektor Astri Knudsen Eliassen ønskjer å presisere at ho ikkje har brukt setninga: – Det som eg sa er at me veit av erfaring at det å vere i ei lita gruppe kan medføre mobbing og ekskludering.
Det rette er: – Men at det pedagogisk og sosialt, ikkje kan anbefalast så små grupper. Tysvær Bygdeblad beklagar at me hadde oppfatta det sosiale aspektet som eit utrykk for mobbing.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Ho meiner bestemt at den måten saka er handtert på er god nok, og er overraska over at det er ho som nå får skulda for at det berre er tre elevar att som skal ha nynorsk.
– Det blei sendt ut eit brev som dei føresette har kryssa av på. Der var det svært mange svar med bokmål, slik det har vore dei siste fem åra. På det omtala møtet gjekk eg gjennom ein del av ulempene med små grupper, men at eg skal ha snakka ned nynorsk, eller nærast skremt folk til å velje bokmål, er ikkje korrekt, seier Knudsen Eliassen.
– Kvifor kan det ha blitt oppfatta nesten som ein trussel?
– Det er eg litt usikker på. Pedagogisk og sosialt anbefalast det ikkje så små grupper. Eg sa også i den andre enden av skalaen, at me gir eit like godt tilbod til dei som er i ei lita gruppe, og at dette ikkje handlar om økonomi. Så om det blir ei gruppe på tre, så skal eg personleg garantere at dei vil få eit like bra tilbod som alle andre ved skulen.
Erfaringar
– Kva erfaringar har skulen ved slike diskusjonar?
– Me har hatt målføredebattar før, og dei som nå går i 5. klasse kravde mellom anna bokmål gjennom ein stor Facebook-aksjon. I fjor starta det 28 elevar i 1. klasse og fordelinga var 25-3 i bokmålfavør. Då gjorde me faktisk eit forsøk på å få elevar over på nynorskgruppa for å få ei større gruppe, utan å lukkast.
– Kva vil du seie om engasjementet som du nå ser?
– Eg veit dei har snakka med ein del av dei som har kryssa av for bokmål, og me får sjå kva som kjem ut av det. Eg var med på møtet hos skulesjefen, men synest ikkje det kom noko godt ut av det. Å skulde på meg blir litt feil. Eg kan godt gjenta korleis me driv skulen med to målføre når me møtest 9. juni, men å legge meg flat å beklage, kjem eg ikkje til å gjere. Min jobb er å vere ansvarleg for at alle elevane som går ved skulen har eit pedagogisk og sosialt opplegg som er vedteke i opplæringslova. Det gjer Grinde skule svært mykje for å oppnå. Både gjennom faglege og sosiale tiltak ungane er med på, avsluttar Astri Knudsen Eliassen.