Eirik Djønne og Stegaberg 2 fekk ikkje mål på einar Utvik og Avaldsnes 2. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Eirik Djønne og Stegaberg 2 fekk ikkje mål på einar Utvik og Avaldsnes 2. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Sjanselause mot «toppa» Avaldsnes

Stegaberg 2 hadde lite å stille opp med når Avaldsnes 2 fekk god hjelp av ei rekkje med a-lagsspelerar. 2-0 til pause blei til slutt heile 10-0 til Karmøy-laget.

I førsteomgang var det ikkje større skilnad på laga enn at det var litt spenning. Men i andreomgang pøsa gjestane på med eit meir og meir toppa mannskap og leika seg tidvis med Stegaberg-laget. Trekk ein frå eit par offsidemål, var det likevel kattas leik med musa i periodar. Heimelaget gjekk leie og venta berre på at domaren skulle blåse av kampen.

Jonas Risanger og Aleksander Skree var to av motsanderane, og Risanger skåra to av måla.

Faktaboks

Stegaberg 2 0 (0)
Avaldsnes 2 10 (2)
7. div. avd. 4
Frakkagjerd kunstgras
Mål Avaldsnes: Julius Stange 3, Kent M. Bøe 2, Jonas Risanger 2, Trond Thorvaldsen, Alexsander Johnsen og Roberto De La Russo Tvihaug.
Domar: Tony Liestøl, Haugar
Tilskodarar: 30