Elevane ved FUS skal springe for Guatemala.
Elevane ved FUS skal springe for Guatemala.

Alt dei orkar

Frakkagjerd ungdomsskule støttar eit hjelpeprosjekt i Guatemala. Nå skal elevane springe alt dei orkar for å samle inn pengar til prosjektet.

Skulen arrangerer joggedag for heile skulen fredag 5. juni.
Frå kvart på tolv og utover dagen blir både elevar og lærarar utforda til å springe så langt de bare orker. For kvar kilometer håper me å få inn mest muleg pengar til skolens hjelpeprosjekt i Guatemala. Nå håper me på mange sponsorar som vil støtte kvar kilometer me spring, seier Ingolf Velde Helleland, ved FUS i eit brev som blir sendt rundt denne veka.
Runde på runde
Løypa går frå skulen og ned til Nappatjørn, for det meste på grus. Det blir registrering ved skolen for kvar runde. Løypa er 2 kilometer lang.
Og Ingolf Velde Helleland har ei lita ekstra gulrot for å få fart på beina til ungdomane.
– Om skulen samla klarer å springe 2000 kilometer (1000 rundar), får alle elevar og tilsette gratis tilgang på FKH sin heimekamp mot Mjøndalen 21.juni.