Slå ring om nynorsk på skulane

Tysvær Mållag ynskjer å fylgje opp saka frå Grinde skule der fleire foreldre opplevde at rektor med innlegget sitt i innskrivingsmøtet i praksis motarbeidde val av nynorsk målform.

Rektorane ved Grinde og Tysværvåg sendte òg 23. mars 2015 brev til rådmannen der dei ber om skulemålrøysting (folkerøysting) i desse to skulekretsane. Dette er ei rådgjevande røysting; til sjuande og sist er det kommunestyret som avgjer saka. Med så få nynorskelevar sjølv i Tysværvåg, kan ein undra seg om foreldra også der i røynda blir påverka til å samla seg om ei målform – dvs bokmål.
Lovpålagt
I 2002 vedtok Stortinget samrøystes ein ny språkpolitikk for Noreg. Styresmaktene ynskjer å leggje tilhøva til rette for at alle i Noreg skal bli reelt tospråklege. I grunnskulen skal alle læra å skriva bokmål og nynorsk like godt. Dette er ein soleklar rett, og tyder at skuleleiinga skal støtta aktivt opp om begge målformer!
Det er difor oppsiktsvekkjande at initiativet om folkerøysting – som i praksis tyder ynskje om overgang frå nynorsk- til bokmålskule – kjem frå rektorane, ikkje foreldra. Det reelle underliggjande argumentet i brevet er at det er eit problem for skulen at så få elevar vel nynorsk. Og i praksis er skulen sitt svar at færre bør velja nynorsk…
Forstå det den som kan! Er det då rart at utviklinga over år har gått i favør av bokmål? Her kjempar me mot sterke krefter. Over heile landet er kommunar i randsona av bokmålsbyar under press, Tysvær er ikkje eit unntak.
Kva skjer på lengre sikt dersom den eine etter den andre av nynorskskulane vert avvikla? Kva vil då skje med dialekten og kulturarven vår? Bør me kapitulera jo før jo heller, og gi avkall på vår opphavlege eigenart, identitet og sjølvstende?
Nei! Vi må ha langsiktige perspektiv på dette, ikkje berre her-og-nå; kva som synes mest kostnadseffektivt i augeblikket. Skulen får eigne skjønnsmidlar til å driva opplæring i to målformer. Dersom dette er for lite, må skuleleiinga heller arbeida for å auka dette beløpet i staden for å bidra til å redusera tal på nynorskelevar. Rektorane, som elles gjer ein god jobb, har som oppgåve å framsnakka nynorsk og ta vare på vår lokale identitet.
Nynorsk i vekst
Me veit at ungar er nysgjerrige og kompetente når det gjeld språk. Dei har ikkje fordommar mot nynorsk slik mange vaksne har, og bør sleppa å oppleva desse! Ved t.d. å nytta barnebøker, songar, rim og reglar på nynorsk i barnehagen vert overgangen til skulen enkel. Bokmål får dei likevel gratis inn i mange andre kanalar… Både forsking og erfaring viser at ungar profitterer på nynorsk grunnopplæring og jamvel blir meir kompetente i framandspråk. Dette har dei forstått i dei største byane våre der stadig fleire elevar no vel nynorsk… Kommunikasjon og språkleg kompetanse blir høgt verdsett og ikkje mindre viktig med tida! Me ser òg at nynorsk aukar i media, som reklamespråk og i næringslivet. Det handlar om identitet og særpreg. Nynorsk er kult!
Og det er som sagt ei føremon å koma tidleg i gong. Mange foreldre vel nynorsk for ungane sine fordi dei sjølve ikkje lærte denne målforma godt nok gjennom sidemålsopplæringa på ungdomsskulen. Bokmål er derimot mykje lettare å læra som sidemål.
Eigenart og mangfald
Tysvær Mållag vil arbeida for respekt og likeverd for begge målformer. Men det er på sin plass å minna om at bokmål er basert på det danske administrasjonsspråket gjennom 400 år. Det sterke og sjølvstendige svaret på dette, var Ivar Aasen sitt arbeid på med å samla og forska på dei mange dialektane i landet; vår autentiske norrøne arv. Han utvikla gjennom mange år, omfattande reiser og hardt arbeid landsmålet som seinare vart kalla nynorsk. Eit gigantisk demokratisk prosjekt som me bør verdsetja! Han kjempa fram vanlege folk sin rett til å snakka og skriva på sitt eige mål.

Denne kvaliteten er utruleg viktig! Og trendforsking viser at det i framtida ikkje vil handla om å vera størst og konkurrera ut andre. Det vil handla om mangfald, om å vera ekte og ta vare på sin eigenart. Difor: Støtt opp om nynorsk i Tysværskulen!

Tysvær Mållag ved leiar
Synnøve Bredal Bjelland