Åshild Eikemo Lundh er på veg til korfilmfestival i Portugal.
Alf-Einar Kvalavåg
Åshild Eikemo Lundh er på veg til korfilmfestival i Portugal.

Til filmfestival

Denne helga er det kortfilmfestival i Portugal. Ei tysværjente skal kjempe om ein av premiane.

Av Alf-Einar Kvalavåg

Allereie i dag skal Åshild Eikemo Lundh sin film «Tiny effort, big changes» presenterast for juryen.

– Kva er dette for ein film?

– Det er ein kortfilm som er spelt inn på Svalbard, på Eikemo og litt heime i hagen. Det handlar om å bevisstgjere kor lite som skal til for å gjere noko stort. Miljø er tema og det er kjekt å kunne reise ut å representere både Vardafjell vidaregåande skule og Tysvær i ein slik konkurranse, seier Eikemo Lundh.

Filmen, som berre er på 45 sekundar,  er ein flott forteljing, og som lar sjåarane tenke sjølv.

– Kva respons har du fått?

– Dei som har sagt noko har vore positive. Det har også lærarane mine på media og kommunikasjon, så eg er nøgd med responsen. Når ein blir nominert til ein slik festival, veit ein ikkje kva som kan skje, men det er jo lov å håpe, smiler 18-åringen frå Førre.