Eivind Voll, Jo Sondre Soøhaug og Lars Magne Ullvang. Kongepokalen glapp for «vår mann», men K1 1000 meter er blitt ein spanande og open distanse i NM. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Eivind Voll, Jo Sondre Soøhaug og Lars Magne Ullvang. Kongepokalen glapp for «vår mann», men K1 1000 meter er blitt ein spanande og open distanse i NM. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ullvang måtte sjå pokalen glippe

Magetrøbbel og padling høyrer ikkje saman. Lars Magne Ullvang fekk ei dårleg oppkjøring til NM på heimebane og måtte ta til takke med bronsemedalje. – Eg var eigentleg sjanselaus og hadde neppe stilt til start om det ikkje hadde vore på heimebane. Men bronse er mykje betre enn å bli nummer fire, seier Ullvang.

NM på heimebane blei eit mareritt for Tysvær-Padlaren. Heile fredag gjekk med til heilt andre ting enn å lade opp til K1 1000 meter, og kampen om Kongepokalen.
– Eg fekk vondt i magen og brukte gårdagen til ting eg ikkje vil snakke om. Det var noko dritt, smilar han tappert.
– Kor sjanselaus var du?
– Eg hadde ikkje energi og krefter til å følge Eivind (Woll), men klarte å halde unna dei fleste som kom bak meg. Det har rett og slett vore mykje trist dei siste vekene. OL-bom sist helg, vond mage og berre ein bronse i dag, er skikkleg surt. Men det var kjekt det var Eivind som vann, for han har slitt og er nå på veg tilbake for fullt, oppsummerar Ullvang, som har fleire forsøk i løpet av helga. Men Kongepokalen, den måtte han sjå langt etter.

Mange startar
Det er mange startar og finalar i eit kajakk-NM. Gina Gedick fekk med seg ein 6. plass på K1 1000 meter, ein distanse ho ikkje likar.