Her er gjengen, fra v Truls Horvei, Roald Kaldestad, Jørgen Sandvik, Ivar Loe Bjørnstad og Roy Ole Førland.
Her er gjengen, fra v Truls Horvei, Roald Kaldestad, Jørgen Sandvik, Ivar Loe Bjørnstad og Roy Ole Førland.

Ein musikalsk dimensjon

Poet og journalist Truls Horvei er ute med nytt album. Musikk og dikt, eller dikt og musikk.

Saman med komponist Roy Ole Førland har Horvei på nytt vist korleis ein kan kombinere det lyriske med det melodiøse.
Rett nok forsvinn musikken av og til ut av øyret når ein begynner å lytte for alvor til dei sterke og spanande tekstane. Til dømes på «Stjernehuset» som er ein fantastisk historie om oppvekst, menneske og om Gud og dei. Det er velskrive og muntert, samstundes som mørket siger inn i teksten.
Favoritt
Min favoritt er «Sove». Herleg gitarspel av Roald Kaldestad og ein djuptgåande tekst som utfyller kvarandre perfekt. Ingen tvil om at Horvei og Førland har jobba mykje saman, og at gitaristane Kaldestad og Jørgen Sandvik får plass til å boltre seg..
Plata er ei perle om du liker at nokon les høgt for deg. Korte eller litt lengre underfundige tekstar om alt muleg. Personleg og nært det eine augeblikket. Lengsel og langt borte det neste. Heile tida med musikken som ein herleg følgjesvein på reisa. For som Horvei sjølv seier det.

– Det handlar om å sjå på livet som ei sjøreise.

– Det handlar om å sjå på livet som ei sjøreise.
Og det er på mange måtar lett å halde den tanken, når ein set seg til rette og lyttar til heile albumet på 12 låtar, frå start til mål. Frå «Sløv» til «Natten er en hanske». På sin umiskjennelege bergensdialekt tar Horvei lyttaren med seg. Via ein flott «Oktober» og ein meir tungsinna «Tungsinnkjeften». Ein tar seg stadig i at ein sit og lyttar til forteljaren, sjølv om ein har tekstheftet framføre seg. Magiske augeblikk blir det av det.
Del opp
Og for all del, det går ann å dele opp. Alt saman på ein gong kan vere i meste laget for dei fleste. Og det er vel kanskje den einaste svakheita ved albumet. Det blir noko mektig.
Bit for bit derimot må dette vere ei gåve til alle dei som liker korte små forteljingar. Litt Lars Saabye Christensen er det over tekstane. Herleg. Litt gitarrock i indierockformat, men aldri støyande eller øydeleggande. Berre perfekt saman med teksten…

Alf-Einar Kvalavåg

CD-plate

«Søvnløs»
Truls Horvei

Skjermbilde 2015-11-06 kl. 13.27.27

Band: Roy Ole Førland, Roald Kaldestad, Jørgen Sandvik og Ivar Loe Bjørnstad
NORCD
Utgitt oktober 2015