Tønes imponerte i Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tønes imponerte i Tysværtunet. Foto: Alf-Einar KvalavågBilde 1 av 11
Skjermbilde 2015-11-18 kl. 21.32.19
Bilde 2 av 11
Skjermbilde 2015-11-18 kl. 21.32.32
Bilde 3 av 11
Skjermbilde 2015-11-18 kl. 21.32.41
Bilde 4 av 11
Skjermbilde 2015-11-18 kl. 21.32.51
Bilde 5 av 11
Skjermbilde 2015-11-18 kl. 21.36.35
Bilde 6 av 11
Skjermbilde 2015-11-18 kl. 21.37.55
Bilde 7 av 11
Skjermbilde 2015-11-18 kl. 21.38.23
Bilde 8 av 11
Skjermbilde 2015-11-18 kl. 21.38.29
Bilde 9 av 11
Skjermbilde 2015-11-18 kl. 21.38.36
Bilde 10 av 11
Skjermbilde 2015-11-18 kl. 21.39.02
Bilde 11 av 11

Skikkeleg moro med Tønes

Han er eit viseikon på det vanlege. Som Yatzy, bondeliv, å legge seg og om det å få sprø svor på ribba. Folk kom, kosa seg og lo. Innimellom solid musikalsk handverk frå både Tønes sjøl, og bandet.

Det var ei salig blanding av små morosame forklaringer på songane og ikkje minst eit innblikk i det ultimate dagligdagse. Tønes er blitt ein favoritt, nettopp på grunn av sine tekstar om det han ser rundt seg, gjerne fortalt i detalj.
Det einaste minus ein finn i Tysværtunet denne onsdagen, er at det var for lågt. Ein hadde nok dratt inn ein seksar på terningen om ein hadde skrudd opp volumet eit par hakk til. Det hadde bandet fortent.
For dette var tidvis ei oppvisning i morderne visesong. Dessverre fekk ein ikkje det rette trøkket frå Kjell Gudmestad sin pedalsteel, eller frå Anne Lise Frøkedal sin gitar. For dei leverte der dei sto plassert i skuggen på kvar si side.
Favorittane kom på rekkje og rad. Folk i salen visste kva dei hadde betalt for og klappa fleire av songane i gong. «Sprø svor» fekk fram både latter og trampeklapp. Det same gjorde hitane »Yatzy» og «Eg går og legge meg». Også to av dei siste songane «Bonden» og «Indianarar» fekk ei svært god mottaking av publikum.
Kort sagt ein solid konsert av ein svært folkekjær og folkeleg artist, med eit solid mannskap i ryggen.

Kjem igjen
Etter konserten var det ein smilande Tønes som dukka opp.
– Eg likar å spele i slike salar som dette. Fekk utruleg god kontakt med publikum og det låt fint frå scena. Så me kjem gjerne igjen, og speler for alle dei som ikkje hadde tid å komme i kveld, smilar Frank Tønnesen.

Konsert

Tønes
Tysværtunet
Det beste frå Tønes
Kjell Gudmestad (gitar, pedal steel), Gaute Tengesdal (kontrabass, vokal), og Anne Lise Frøkedal (gitar, tangentar og vokal)
Ca 150 frammøtte