Kinosjef Øystein Simonsen er svært fornøyd med 2016 og gleder seg til året som kommer. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Randi Rettedal ønsker å fortsette som listetopp for Tysvær FrP i neste periode.

MOT til å klemme

Måndag var «MOT til å glede-dagen». Elevar frå Frakkagjerd ungdomsskole besøkte unge og eldre i Tysvær – for å spreie glede.

Av Mona Terjesen
– Vil du ha ein klem?
Me treff Liva og Malena frå klasse 10C utanfor lekebutikken i Aksdalsenteret måndag formiddag. Der er dei saman med fleire elevar frå skulen, for å glede andre.
Me deler ut klemmar. MOT-elevane har komme med innspel til kva me kan gjere, og me fann ut at klemmar må vere ein fin ting å spreie glede med, seier dei to.
Vaflar
Dei har vore med på «MOT til å glede-dagen» tidlegare og synst det er like givande kvart år.
– Det er veldig kjekt å kunne glede andre. Og det skal jo ikkje så mykje til, nikkar Malena og Liva.
Litt lengre nord i senteret treff me fleire Frakkagjerd-elevar ikledd MOT-t-skjorter. Nokre av dei står og steiker vaflar, som dei deler ut gratis.
– Heile skulen er med på dette. Vår oppgåve er altså å dele ut vaflar, nikkar Danijel Johand (10B), Silje Kristine (10D) og Bjørn Petter (9B), idet dei gir vekk nysteikte jern til forbipasserande på senteret.

Les heile saka i papiravisa