Lillan Rushfeldt er biblioteksjef i Tysværtunet. Det har vært et god besøk i sommer. Foto: Eva Birkeland
Lillan Rushfeldt er biblioteksjef i Tysværtunet. Foto: Eva Birkeland

Nå blir det mørkt

Frå måndag av er biblioteket i Tysværtunet stengt. Nye lys skal monterast og slikt tar tid. Og som vanleg passar slikt dårleg inn i planane til det aktive biblioteket i Aksdal.

– Dette er noko som må gjerast og me må halde stengt frå den 30. november og fram til 13. desember. Difor oppfordrar me nå alle våre trufaste gjester til å komme innom i helga og sikre seg eit lite lager med bøker, seier biblioteksjef Lillian Rushfeldt.
Biblioteket i Tysværtunet er på mange måtar hjarte i kulturhuset. At det blir mørkt og stengt vil merkast.
– Det som skjer er at alt utlån stoppar opp. Det vil vere muleg å få levert inn bøker. Billettsalet vil bli flytta ut på gangen når det er arrangement eller kino. Dei som driv med det har gode ordningar, så den biten er me trygg på. Så sjølv om me stenger, er resten av kulturhuset ope som vanleg, seier Rushfeldt.
Det stadfestar kulturhusleiar Øystein Simonsen:
– Billettsalg er og ope på kulturhuset på dagtid i perioden, det blir skilta.

Rekord
Ombygginga i biblioteket skal også vere ferdig før jul. Sjølv om det har vore ein hektisk haust går det mot besøksrekord.
– Nå er me frykteleg spente på om desse 14 dagane med stengt øydelegg rekorden for oss. Me er så nære ny rekord, at me håper og trur at godt besøk dei tre siste vekene av året reddar oss inn. Det er svært motiverande for oss å sette rekordar, når me legg så mykje arbeid i å ha eit levande bibliotek, seier Rushfeldt.
– Går stenginga ut over nokon av dei faste brukerane?
– Sjakklubben har møter her kvar tysdag, så dei må ha ein pause nå. I tillegg blir det stopp i tilbodet til Førre og Tysværvåg-elevane som har faste tider her. Men dette har me visst ei stund så me er godt førebudde. Nokre av oss er på kontoret og kan nås på e-post og telefon, seier biblioteksjefen.