Vemund Eskevik (t.v.) kan få tilbod om prøvespel i Italia. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Vemund Eskevik (t.v.) kan få tilbod om prøvespel i Italia. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Eskevik: – Veit lite

Vemund Eskevik har ikkje hatt lyst til å røpe så mykje, for i kulissane har ein jobba med eit prøvespel i Italia. – Haugesunds Avis var på tråden og då kan eg vel begynne å seie offentleg at det høyres spanande ut med eit prøvespel i Italia, seier Eskevik.

Det er i følge h-avis.no Geir Søderlund som har vore kontaktmann mellom Eskevik og ein engelsk proffagent.
– Eg veit ikkje så mykje meir om kva dette er enn det Geir (Søderlund) har sagt til meg. Det har blitt litt mykje i det siste, og det er så vidt eg heng med i svingane. Men sjølvsagt har eg løyst til å prøve meg, seier den tidlagera Stegaberg-toppskåraren.
Nå kan dei 45 måla han skåra i fjor sende han ut i verda.
– Om alt går etter planen, reiser Vemund snart til Italia for å vise seg fram i enten Pescara (nivå 2) eller Padova (nivå 3), fortel Geir Søderlund til Haugesunds Avis. http://www.h-avis.no/sport/fotball/haugesund/eskevik-tar-en-soder-skal-vise-seg-fram-i-italia/s/5-62-214710
– Kva tid det blir anar eg ikkje. Eg er positiv, så får me ta ting som dei kjem. Som eg sa tidlegare i dag har eg heller ikkje signert nokon avtale med Vard. Det er mykje for ein kar frå Nedstrand dette, seier alltid like sympatiske Vemund Eskevik (19).